Nyheit

#Vårtnabolag flytta til Vangshallen

  Nyheitsarkiv
06. sep 2018
Arrangørgjengen samla til planlegging i den nye festivalarenaen i Vangshallen.
Frå Vang mottakssenter til Vangshallen

På grunn av kjip vêrmelding er #Vårtnabolag flytta frå Vang mottakssenter til Vangshallen laurdag frå klokka 13.

– Vi tok ein telefon til Meterologisk institutt i går og fekk beskjed om at været kunne bli ein del dålegare enn det som var meldt på yr.no. Då var alle oss i arrangørgjengen einige om å flytte arrangementet til varme og tørre Vangshallen, fortel festivalsjef for Vinjerock, Julie Forchhammer. 

Det betyr at #vårtnabolag som vert arrangert for tredje gang i år får ny arena. Artistar som Moddi, Daniel Kvammen, Vinjefolk og Nabobandet er klare for festivalen. 

– Det vert endå lettare å aktivere ungane i Vangshallen, og det er jo artig å prøve noko nytt. Vi gleder oss til festival, seier festivalsjef Forchhammer. 

Meir om festivalen her.