Alle deltakarane i årets StartUppValdres.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang dominerte StartUppValdres

Vang dominerte StartUppValdres

12. oktober 2018

Sjølv om ingen av fyrsteprisane gjekk til Vang var var halve feltet under idékonkurransen StartUppValdres frå Vang.

«Legendary lemonade» og «Miljøkledning» stakk av med sigeren i kvar si klasse - båe idear med stort kommersielt potensiale.

– Det vart ein vrien oppgåve for oss i juryen, mange av ideane presentert her i kveld var særs gode og eg håpar mange av dei vert til arbeidsplassar, sa sjef for juryen, administrerande direktør for NHO Næringsliv, Kristin Krohn Devold før kunngjeringa av vinnarane.

Saman med Valdres Næringshage og Sparebank1 Hallingdal og Valdres stod Innovangsjon bak gårsdagens arrangement.

Elleve idear var kvalifisert til finalen, der fem av dei kom frå Vang. Vi kjem tilbake med meir om alt dette seinare, men her er nokre ord om kva som vart presentert.

Mugnetind kafe - Tor Evert Johansen

Med åtte veker prøvedrift i 2014 klarte Tor Evert og samarbeidspartnarar å få nasjonal merksemd for sin ureisete stølskafe. Då var det ein suksess - no er det alvor. Tor Evert har flytta til Valdres denne sommaren og vil byggje opp et konsept med tømmer frå skogen, råvarer frå stølen og unike opplevingar som vil bli snakka om både i Valdres, Noreg og Verda.

Kontordag - Dag Nordsveen

Kvifor bruke tid og pengar på oppgåver ein ikkje er interessert i og ikkje har kompetanse til? Dag Nordsveen har ingeniørutdanning i botn og bakgrunn frå selskap som Storebrand, Chess og Outttt. No startar han for seg sjølv som ein «kontorsjef to hire» som får unna administrative oppgåver raskare og betre enn bedrifta sjølv - sånn at du kan vera ute og tene pengar.

Kultur/teknologi - Dominik Schmidt–Philipp

Dominik har den unike kombinasjonen av tung dataingeniørkunnskap og et brennande kreativt hjarte som særleg bankar for musikk. Sommaren 2018 flytta han til Valdres og no har han som første steg på vegen for å realisere sine visjonar kjøpt ein lydbuss som han skal jobbe ut frå med å skape sitt «home for a scenius»

V.art - Anne Marte Før/Lukkeleik AS (forretningsadresse Vang)

Anne Marte Før & co. skal fylle tomme stølslåver i Valdres med samtidskunst. – Valdres er rå på musikk og dans - sjå til Frikar, Hilmestemnet, Vinjerock, Sommersymfonien og fleire. Kvifor skal vi ikkje også ta ein posisjon på kunst?

Location Vang - Ragnhild Lund/Henrik Ibsen AS

Med det råaste kontaktnettet i film- og teaterbransje og fersk erfaring frå filmar som Snømannen og Børning har Ragnhild Lund sett et potensiale for å få filminnspelingar til Vang og Valdres. Ei nettside som syner moglegheitene er under oppbygging og alt ligg til rette for å ta Valdres til Verda og Verda til Valdres gjennom LocationVang. 
 
Vi lyt også ta med at vangspatriotane Ola Magnus Weisser og Phillip Andreas Weisser stilte med kvar sin idé under konkurransen.