Det legendariske fjøset på  Hammerstad med EU-kua på vestveggen har fått nytt liv som Vang lagerhotell.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang lagerhotell opna

Vang lagerhotell opna

22. mars 2018

Leif Jan Hammerstad har totaltrenovert fjøset på garden og bygd lagerhotell. Dei fyrste romma er allereie leigd bort.

Her er ti rom på 5-18 kvm klare, samstundes har eg eit rom på 30 kvm som vert gjort klart og delt av når eg ser meir kva marknaden ynskjer, fortel Hammerstad. 

På sikt vurderer han også å tilby lagring av båt og campingvogn i delar av bygget.

– Kanskje allereie frå hausten om mange nok masar.

Fjøslukta borte


Tanken om lagerhotell har Hammerstad hatt lenge, men fyrst i fjor bestemte han seg for å ta steget ut og byggje om den gamle driftsbygningen.

– Golvet i heile fjøset vart isolert opp og støypt plate på før romma vart delt av. Gamle veggar og tak er måla, samstundes har alle rom fått ventilasjon, fortel Hammerstad.

Han kan garantere at fjøslukta er ikkjeeksisterande på lagerromma. Bygget har ellers både brann- og inbruddsalarm, eigen rampe for avlasting, jekketralle og trillebrett.

– Det skal vera enkelt og trygt å bruke Vang lagerhotell, avsluttar Hammerstad.

Nettsida vanglagerhotell.no er under utarbeiding, og ei facebookside kjem også opp å gå snart. Enn så lenge når du Leif Jan og lagerhotellet på:

post@vanglagerhotell.no // 901 07 033