Vangshallen (2 of 18).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vangshallen opna

Vangshallen teke i bruk

21. mars 2017

Laurdag opna Vangshallen dørane for fyrste gong. 6-700 av bygdefolket hadde møtt opp til snorklypping, konsert, kake og ikkje minst utprøving av hallen.

Her var barnevogner og rullestolar om kvarandre. Alle ville få med seg denne historiske dagen i Vang. 

Vi kjem sjølvsagt tilbake med meir om hallen seinare. Enn så lenge har vi samla nokre foto og lenkar frå opninga. 

Lag og foreiningar i Vang er i gang med å bruke hallen denne veka. Mellom anna arrangerar Vang Klatreklubb fleire kurskveldar dei neste vekene. Påmelding rett på facebooksida. 

Informasjon om leige av hallen kjem seinare.