Screenshot 2014-11-28 10.45.05.png
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vangskalendaren i sal

Vangskalendaren i sal

28. november 2014

Vangskalenderen er i sal for sekstande året på rad. Med historiske bilete frå alle kantar av Vang er dette ei fin-fin julegåve som også støttar opp om to av våre frivillige lag.

– I løpet av dei neste dagane kjem alle husstandar i Vang til å få besøk av ein selgar, fortel Ingrid Thorpe i kalenderkomiteen. Ho spelar også i Fjellblom musikklag som saman med Fjellblom idrettslag delar overskotet av kalendersalet.

Fyrste veka i desember vert så kalenderen lagt ut for sal hjå Joker Tyinkrysset, Vang folkebibliotek, Vang sparebank, Joker Ryfoss, Coop Fjellvang og bokhandelen på FK senteret på Fagernes.

Prisen er 100 kroner.

– Det er også mogleg og få kalenderen sendt i posten. Det er berre å sende bestilling till fjellblom.musikklag@hotmail.com eller på tlf 970 86 300. Det kjem då 30,- i porto i tillegg, informerar Thorpe.