Low res-0962.jpg (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv VangsRiva tek oppdrag

VangsRiva tek oppdrag

20. juni 2017

Alle typar småjobbar er aktuelle når VangsRiva dreg i gang jobbsentral denne sumaren.

– Hagearbeid, vasking, rydding og liknande er eksempel på arbeidsoppgåver - vi løyser eigentleg det aller meste, fortel Nina Dalsegg som er ansvarleg for Vangsriva denne sumaren.

Det er deltakarar på introprogrammet i Vang som utgjer arbeidskrafta. Opplegget vart testa fyrste gong i fjor og Nina Riis Lileng var ein av fleire med gode erfaringar frå bruk av Vangsriva.

– Vi startar opp så fort alt er på plass i lokalal på Klokkarhaugen. Her er vi også ansvarlege for drifta av turistinformasjonen der det enkel kafédrift, fortel Dalsegg.

Kontakt Vangsriva ved Nina om du har eit oppdrag du treng bistand med. 91003034, og egen e-post, vangsriva@vang.kommne.no

Vangsriva tilbyr teneste sine gratis.