Nyheit

Velkommen til vegopning

  Nyheitsarkiv
28. sep 2017
Feiring frå Lærdal til Vang

Fredag 29. september, er det vegopning på ny E16 over Filefjell, OG markering av at den gamle Kongevegen over Filefjell har fått EU sin kulturminnepris Europa Nostra Awards 2017 - kulturminnesektorens Oscarpris!

Markeringa føregår på tre steder: Ved Kongevegen i Lærdal, ved den nye 6 km lange Filefjelltunnelen oppe på fjellet, og ved Kongevegen i Vang.

09.45 Oppmøte Rimskjold, under Vindhellavegen i Lærdal

10.00 Avduking av Europa Nostra-plakett, talar og underhaldning.

10.45 Vandring opp Vindhellavegen til Borgund stavkyrkje og køyring til Filefjelltunnelen vest

12.30 Vegopning på E16 - med talar, musikk, snorklypping og lett servering. Før opning kan ein få omvisning i tunnelen frå 12.00

13.30 Start kortesje og køyring gjennom Filefjelltunnelen til Neset i Vang

14.30 Avduking av Europa Nostra-plakett, talar og underhaldning. Offisiell opning av Saubekken bru og nyrestaurert del av Kvamskleiva. Vandring til Gamle Kvam gard – historisk og kulturelt program. Servering på garden frå 15.30

17.00 Retur frå Gamle Kvam gard.

Det blir sett opp ein buss frå Fagernes og ein frå Lærdal. Avgang frå Lærdal 09.00 og frå Fagernes 07.45. Ein kan parkere ved stavkyrkja og følge buss ned. 

Dette blir ein festdag på begge sider av fjellet! For Både for Valdres og for Sogn er utbygginga av ny veg over Filefjell svært viktig. Samtidig har den restaurerte, historiske Kongevegen blitt ein viktig brikke i næringsutvikling både i Vang og i Lærdal.

E16 og Kongevegen bind saman aust og vest, historie og nåtid. På markeringane deltek mellom anna EU sin ambassadør i Norge (Thierry Bèchet) og visedirektør i Europa Nostra (Piet Jaspaert), assisterande vegdirektør Bjørne Grimsrud, ordførarar og fylkesordførarar frå begge sider av fjellet.

Dei to regionvegsjefane i Statens vegvesen Region Aust og Vest vil klyppe snora i lag når den nye Filefjelltunnelen blir offisielt opna. Tunnelen avløyser det bratte og svingete partiet opp frå Tyinkrysset til Kyrkjestølen, og det blir kortesje med veteranbilar gjennom tunnelen rett etter snorklyppinga.