Nyheit

Velkommen til Farmendagen 2018

  Nyheitsarkiv
08. jun 2018
Tett program heile dagen

Solid program til Farmendagen i Føsse neste helg!

- Det kan være lurt å koma i tide, då det vil skje noko absolutt heile dagen frå kl 1100. Fyrst ut er eit lite innslag frå arrangementkomiteen. Sia går det slag i slag, fortel Inger Kongslien Tveit på vegne av arrangørane.

Her er det som skjer resten av dagen

  • For born: hoppeslott, popkød`n, dyr i hagin, hårfletting, ansiktsmåling, spikarslåing m.m.
  • Konkurranser: Øksekasting, spikarslåing, tipping på vekte på Farmenkrakken, verdens beste skyttar i Føsse skal kårast.
  • Sara har mat både ute og inne. Elles kaffe og kakesal.
  • Høre Røde Kors set fokus på livredding. Prøv og lær!
  • Underhaldning/ Musikk: både fele og torader, linedance og Farmentrim.
  • Basarbok med flotte gevinstar! Alt frå trøtraktor te guida fisketur.

– Har du lyst til å vise fram og selja ditt håndverk? Ta kontakt med ein av oss og du får reservert plass i sentrum denne dagen. Me veit mange kjem, men det er plass til alle, fortel Kongslien Tveit.


– På kvelden samlar me folket i hagen ved hotellet. Me tende grillen om det er lov. Alle tek med seg mat og drikke til eige behov. Me ordnar bord, men ta med stol. Stolen kan vera kjekk ha med på dagtid og.