Nyheit

Vellykka morsmålsfeiring

  Nyheitsarkiv
23. feb 2017
100 personar innom

Opp mot 100 personar var innom dørene då Morsmålsdagen 2017 vart feira på Vang folkebibliotek 21. februar.

I tillegg til polsk og norsk kake var det bebuarar ved mottakssenteret og elevar ved introduksjonssenteret som stod for maten - mange spanande smakar frå Syria, Jordan og Eritrea. Fleire bidrog også i eit variert program med diktlesning og song på fleire ulike språk, og vi fikk sjå tradisjonell eritreisk dans.

Mange var kledt i bunad eller tradisjonsklede frå andre land, og som tidlegare år leia fire konferansierar kvelden på norsk, engelsk, tgrinja og arabisk. Programmet vart -som lova- avslutta av ein forrykande trommekonsert. Sørafrikanske Zwai Mbula har budd mange år i Norge og speler musikken sin over heila verda.

Han lager sine eigne marimbas og trakterer både desse og trommene på meistarleg vis. Og han spelte ikkje berre sine eigne låter - "this day is about different cultures meeting" sa han og heiv seg med i ein improvisasjon saman med Taha Saeed, popstjerne frå Jemen som bur på Vang mottakssenter.

Taha programmerer fengande arabiske rytmer, om med dette vart det dans som fortsatte lenge etter at det offisielle programmet var over.

«Vi er heldige som får bli kjent med folk frå ulike kulturar, og som kan oppleve at 'heile verda' finst i ei lita bygd som Vang» sa konferansierane, og denne formiddagen fikk vi verkeleg kjenne på at det stemmer.