Nyheit

Vinjevors med Innovangsjon ved Vinjestøga

  Nyheitsarkiv
08. jul 2018
Stiller med svaret på alt og tretti jobbar på marknaden

Noverande og framtidige vangsgjeldingar varmar opp til fyrste konsert under Vinjerock med uformell samling ved Vinjestøga 16:30-17:30 torsdag.

– Vi stiller med kaffi, kake, tretti jobbar på marknaden og svaret på smått og stort om livet i Vang, fortel Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Innovangsjon jobbar året rundt for at Vang, heimkommunen til Vinjerock, skal vera ein attraktiv plass å bu på alle måtar. Akkurat no er det altså tretti jobbar på marknaden i Vang.

– Mange er framleis av den oppfatninga at det ikkje er jobb å få i fjellbygdene og let det bli med draumen om det livet dei eigentleg ynskjer å leva. I Vang er det lett å lukkast, og mange av dei som er innom Vinjestøga denne timen har tatt steget frå bylivet til bygdelivet dei siste åra og delar meir enn gjerne av sine erfaringar, fortel Rogn.