Reportasje

20 jobbar i fjellbygda Vang

Frå Jotunheimen til Vangsheimen – dette er stillingane.

NB - dette var ledige stillingar i oktober 2016 - er du interessert i å bu og jobbe i Vang? Kontakt ein av oss i Innovangsjon! Du finn oss i høgremargen her. 

Dag Inge Bruflot

Finn du ikkje jobben du drøymer om her? Anten du vil sende over CV, lansere ein bedriftsidé eller berre ta ein prat om Vang, kontaktar du næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.
daginge@vangivaldres.no // 958 73 757

Hallgrim Rogn

Anten du har vage tanker om Vang eller du heilt konkret ser etter tomt eller bustad, er Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn mannen å kontakte. 
hallgrim@vangivaldres.no // 41222769

Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, 1600 innbyggarar og nesten like mange hytter. 

i Vang får alle barnehageplass umiddelbart og frå nyttår 2017 er nye Vang barne- og ungdomsskule ferdig. Vang har då eit topp moderne skulebygg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med fornuftige klassestørrelser, kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.

Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).

Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no

No er det tjue ledige stillingar i bygda, noko som betyr at anten du er frå Oslo, Bergen, Trondheim eller Tingvang, kan finne jobb i Vang.

Drivar av sportsbutikk,  sjukepleiar, helsefagarbeidar, bilmekaniker, etatsjef Vang kommune, rekneskapsførar/dagleg leiar, butikkmedarbeidar, snekker, vernepleiar, miljøarbeidar, røyrleggar barne- og ungdomsbibliotekar er fagområda ein søker arbeidskraft innan no.