Fjellpioner: Anders Opdal Tekst/foto: Hallgrim Rogn

Fjella rundt Tyinholmen er heimebanen til fjellpioner Anders Opdal.

Anders Opdal: Frå Tyin til Himalaya

Fast sumaropphald mellom tindane på Tyinholmen vekte klatreinteressa hjå Anders Opdal. Ei interesse som skulle ta han til topps på eit av dei høgste fjella i verda på ekspedisjon i Himalaya. 

Ein ekspedisjon som var banebytande på fleire måtar i 1964 og det kanskje «aller sterkaste» minnet frå eit langt liv i fjellet for Anders Opdal. Vi kjem tilbake til denne turen noko seinare, fyrst lyt vi høyra om åra på Tyinholmen som har vore i Opdalfamilien frå det fyrste hotellet vart sett opp i 1892.

– Det var oldefar min John som starta opp. Seinare dreiv både bestefar og far min, før storebror min Helge tok over drifta på 70-talet. Sidan 1995 er det sonen min Øystein som har teke over som eigar. Det er faktisk einaste overnattingsplassen i denne delen av Jotunheimen som har vore i same familie over så mange år, fortel Anders. 

Sjølvberging til fjells

Anders er fødd i 1937 og vart med til fjells sumar som vinter heilt frå han var liten gut. Å drive eit fjellhotell på 40- og 50-talet kravde mye folk og mykje arbeid.

– Det var eit spesielt liv desse sumrane inne i fjellet. Utan veg inn var berre det å få grisar, mat, pelsdyr og alt anna med på båten over ein verkeleg ståhei, fortel Anders. Det var nemleg enklare å ta med seg heile pelsdyrflokken til fjells enn å leige folk til å ta hand om dyra nede i bygda. Dei einaste som gjekk på eigne føter, var kyrne. Noko meieri var det sjølvsagt ikkje der oppe i fjellet, så fersk ost og mjølk laut dei syte for sjølve. I dei travlaste periodane var det godt over tjue personar i sving for gjestane på Tyinholmen.

– Krøttera skulle mjølkast, mat lagast, senger reiast opp og sengety vaskast. Det var alltid fire rettar til middag på denne tida og alltid både fisk og kjøt. Innimellom alt dette laut også eit omfattande fiske i Tyin gjennomførast, noko bestefar Helge tok seg av, minnest Anders.

«Helge fiska saman med ein annan kar alt det hotellet trong av fisk, og vel så det. Det var vanleg å få 50–70 fiskar på 20–30 garn. Kvar kunne vege 3/4 kilo. Ein gong fekk Helge 236 fiskar på ein gong, men det var ikkje uvanleg å få 100 fiskar om gongen», står det å lese i heftet «Tyinholmen gjennom 100 år» som vart gjeve ut i 1992. 

Hallgrim Rogn

Etter fem år i «byen» som skribent for Den Norske Turistforenig (DNT) flytta Hallgrim heim til Vang no i vinter. Ved sidan av å gå på ski og hogge ved, jobbar han for Innovangsjon og som frilansar med base på kontorfelleskapet 1724. 

«Storstilt fiske i Tyin»

Tyinholmen
  • Etablert av John Opdal i 1892.
  • Har vore i Opdal-familiens eige heilt sidan oppstarten.
  • Edvard Grieg, Cecil Slingsby og Aasmund Olavsson Vinje er nokre av mange kjende gjester gjennom historia.
  • Har no ope i påska og gjennom sumarsesongen.
T-Ford som kappsagmotor

Anders sjølv var altmoglegmann på Tyinholmen i den tida han var der, både i påske- og sumar-sesongen. Det kunne vera alt frå dyrestell og fiske til kjøkkenteneste og fyringsvakt. Aller best hugsar han øktene med vedsjauing.

– I 1924 vart det kjøpt ein T-Ford til bruk på Tyinholmen og på vegstrekninga over til Eidsbugarden. Den var både varebil, lastebil, buss og drosjebil. Me lærde å køyre bil i 12–13-årsalderen, men for oss gutane var den like mykje motor til kappsaga, som transportreiskap. Vi lyfta opp eine bakhjulet og sette ei ølkasse under kardangen, så la me enkelt og greitt reima på kappsaga på gummihjulet og sette i gang med å kappe ved.

Også bruken av veden var som regel Helge og Anders sitt ansvar. Frå 1922 hadde Tyinholmen halde ope i påska, og med totalt 54 vedomnar rundt om på hotellet var det eit lite dagsverk i seg sjølv å halde husa varme.

– Eg lærde meg knepa for å få fyr ein omn, seier Anders lurt.

Skulegang  

Etter idylliske barneår på gard og hotell der Anders «lærte seg å arbeide», vart det klart for skulegang utanfor skigarden. I Valdres var det ikkje mange skular å velja mellom, og Balestrand i Sogn vart arena for realskulen. 13 år gamal flytta han altså frå fjellbygda Øye og vestover på hybel. Vidare gjekk turen til landsgymnas på Eidsvoll, før han i 1959 starta på ingeniørstudiet på «Norges Tekniske Høgskole» (NTH) i Trondheim.
– Same hausten eg starta studietida i Trondheim, vart også «Tindegruppa» i studentidrettslaget dratt i gang. Eg hadde jo trakka i fjella sidan eg vart fødd, og det å starte med klatring kjendest heilt naturleg for meg, fortel Anders.

Sjølv var han heilt fersk for klatresporten, men i lag med røynde klatrarar fekk han ei bratt læringskurve. Klatringa fall lett for Anders, og somme meinte han hadde ei «vertikal» utvikling som klatrar. Knausar rundt Trondheim, fjell i Innerdalen på Nordmøre og tindar i Alpane og Jotunheimen vart klatrearena for Anders og kompisane dei neste åra.

Pioner i Vangs fjell

Når klatrelysta fyrst var vekt, såg Anders også mange nye moglegheiter i dei heimlege fjella. Mykje var bratt, og mykje var aldri klatra før, noko som er ekstra stas for ein fjellklatrar.

– Saman med Ralph Høibakk(red.anm.: ein av dei mest markante personane i norsk klatrehistorie) var vi på Tyinholmen fleire sumrar og klatra fleire nye ruter til både Hjelledalstinden (1989 moh.), Falketinden (2067 moh.) og Stølsnostinden (2074 moh.).
Alle desse tindane hadde hatt fjellfolk på toppen tidlegare, men dei var aldri klatra etter dei rutene

 Anders og Ralph gjorde det. Seinare fekk Anders opp auga for klatringa på båe sider av Vangsmjøsa sin vestende oppe i Øye. Kyrkja, Presten, Bukonekyrkjudn (Bukkehornkyrkja), Skyrifjellet og fleire pinnaklar fekk sine fyrste klatrebestigningar av Anders og kameratane.

– Dette er fin og lett tilgjengeleg klatring som langt fleire burde prøve seg på. Og det er fleire ruter att som eg aldri fekk tid til å gå, så her er det nok å ta tak i, meiner Anders som med det kastar ut ei utfordring til dagens unge klatrarar.

Dramatisk redningsaksjon 

Påska 1963 var Anders og Ralph på Tyinholmen og klatra nye vinterruter til Falketind. Samstundes var to kameratar frå Trondheim på tur i Hurrungane der dei prøvde seg på ei maratonetappe over dei fleste fjella i massivet.

– Undervegs på turen vart det mildvêr med krevjande forhold. På ryggen etter Sentraltinden skjedde ei ulykke, og dei datt ned i Maradalen. Fallet var på 250 meter og berre eventyrleg flaks gjorde sitt til at båe overlevde, fortel Anders.

Mens den eine var medvitslaus, hadde den andre kome frå det med «berre» avrivne leddband i kneet. Den medvitslause vart graven inn i snøen med ein sovepose rundt seg, mens den andre prøvde å ta seg til Skogadalsbøen i djupsnøen. Idet han kom så langt at han såg turisthytta på andre sida av dalen, orka han ikkje gå lenger og fann i staden fram lommelykta.
– Bestyraren ved Skogadalsbøen, Erling Fuglesteg, var ute for å slå lens før han skulle leggja seg, og såg så vidt at det blinka eit lys. Han skjønte straks at noko var gale, hoppa på skuteren og fann den forkomne karen, fortel Anders. Men på Skogadalsbøen var det ikkje mogleg å varsle om ulykka, så same Fuglesteg kasta seg nok ein gong på skuteren og kom fram til Tyinholmen klokka tre på natta. Klokka sju var helikopteret på plass, men dårleg vêr gjorde at Anders og Ralph laut gå frå botnen av breen ved Maradalen og opp til den skadde personen.

– Det hadde heldigvis vore ei mild natt, og han var framleis i live då vi fann han. Vi fekk han ned til helikopteret, og då han kom til «feltsjukehuset» som var oppretta på Tyinholmen, vart det fort avklara at han kom til å klare seg, fortel Anders. Sjølv laut han og Ralph ta skia fatt for å koma seg attende til Tyinholmen.

Ein ung Anders på Uranosbreen.

Til Tirich Mir


Frå fjella i Vang og Hurrungane bar det i 1964 ut på større eventyr. Målet var austtoppen på fjellet Tirich Mir (7708 moh.) i den pakistanske delen av Himalaya. Dette er det 34. høgste fjellet i verda, og denne toppen hadde ingen sett føtene sine på før Anders og allereie nemnde Ralph nådde toppen 25. juli 1964.

– Eg trur alle på ekspedisjonen kunne nådd toppen, men eg og Ralph vart valde av dei andre til å gjera toppstøytet då vi var i hakket betre form enn resten. Alt gjekk heldigvis bra, og ein av dei tidlege norske klatrebragdene i Himalaya var eit faktum. Med ein vangsgjelding i ei hovudrolle.

Arne Næss, Per Vigerust og Kjell Friis Baastad var dei tre andre ekspedisjonsmedlemmene. Til saman eit lag som klarte å nyte den enorme påkjenninga som høgfjellsklatring er.

– Klart det var ein del slit, men fyrst og fremst var heile ekspedisjonen ein hyggjeleg tur. Alle kjende kvarandre godt frå før og klatra godt saman. Vi var eit lag heile vegen, og det var eigentleg ikkje særleg viktig om det var vi eller nokon av dei andre som kom seg til toppen, fortel Anders.

«Opp stupet»

Det vart også bok av ekspedisjonen. «Opp stupet» ført i pennen av Arne Næss med god hjelp av Ralph og Anders står som ein bauta i norsk fjellitteratur. Det er ei ekspedisjonsbok av beste sort med store dosar tørr humor og eit passe skrått blikk på det absurde ein held på med. Noko denne passasjen, om ein av kviledagane tidleg på ekspedisjonen, syner godt.

            «Dagen etter var hviledag og til underholdning laget Ralph og Anders et «swimming-show» nede på breen. Mens kamera surret, inntok de et isdekt bretjern nedenfor leiren. For effektens skyld hadde de med seg isøkser for å hugge hull på isen. Midt i tjernet lå en stor stein som filmskuespillerne aktet å bestige. Anders skrittet ut mot en mindre stein for å hoppe over. Men den var et kamuflert isflak, og med et plupp forsvant han nedi til halsen. Vi ventet et hyl, men ikke et kvekk hørtes. Som en robot kavet han seg opp på steinen, mens isbitene knaste. Det var dødsstille noen sekunder, så kom det på uforfalsket Valdres-dialekt: «Hei, guta, detta va kaldt.»

Foreiningsliv

Etter turen til Himalaya roa Anders ned klatringa noko. Studietida var over, og i 1965 gifta han seg. Fire år seinare kom fyrste barnet. Men engasjementet for klatring og friluftsliv heldt fram.

– Eg hadde hatt såpass mange gode opplevingar med fjell og klatring at eg følte eit visst ansvar for at også andre skulle ha moglegheit til dette, fortel Anders om motivasjonen for å engasjere seg. Fyrst vart det fire år som leiar i ærverdige «Norsk Tindeklub». Gjennom oppveksten på Tyinholmen hadde mang ein medlem her vore innom hotellet, så han fann snart ut at så nær som den aller fyrste leiaren, hadde Anders møtt alle formennene på eit eller anna tidspunkt.

– Du veit dei aller fleste klatrarar den gongen var innom på Tyinholmen på veg til Hurrungane og Store Skagastølstinden. Og resten har eg møtt etter at eg byrja engasjere meg i foreininga.

Etter kvart vart det ei årrekkje som styremedlem i Den Norske Turistforening (DNT), for som Anders seier: «Opnar du kjeften på eit møte i ei frivillig foreining, så får du fort nok å gjera.»

I dag har han roa ned både klatring og styrearbeidet til eit minimum.

– Eg er berre aktiv i Christiania Skiklub. Vi driv med langrenn og fjellski, har om lag tretti medlemmer og er faktisk den eldste skiklubben i verda, stifta i 1877.

Alltid Vang

Anders flytta tidleg frå Vang, men har heile tida behalde sterke band til heimplassen, sjølv om han kort etter ekspedisjonen laut moderere dialekten.

– Du kan jo sjølv tenkje deg korleis det var å ta telefonen på starten av sekstitalet når ein budde i Oslo, og setja i gang praten på vangsgjelding. Folk skjøna ikkje bæret. Heldigvis har dette endra seg.

Saman med kona tok han etter kvart over ei av dei gamle hyttene ved Tyinholmen og gjorde ho om til familiehytte. Seinare har båe ungane og til saman fem barnebarn også funne sitt fjellparadis på Tyinholmen. Det har vorte lite klatring med åra, men enormt mange fine ski- og fotturar i lag med familien.

– Eg eg må seia at ein nattleg skitur med soloppgang på Uranostinden er eit nesten like kjært minne som å stå på toppen av Tirich Mir, avsluttar Anders.

Kjelder
Opp stupet, Arne Næss, Gyldendal 1964.
Tyinholmen gjennom 100 år, Birger Løvland og Terje Ulsrud, eige forlag, 1992.

Arne Næss

Født 27. januar 1912 i Oslo, død 12. januar 2009 var ein norsk filosof, som gjennom sine lærebøker i logikk, metodelære og filosofihistorie bidro til å gje filosofien ein nøkkelstilling i det akademiske og intellektuelle liv i Noreg i etterkrigstida. Han reknast som grunnleggaren av dypøkologien og den såkalla Oslo-skulen. Hans lære vert oftest omtalt som økosofil. Han var også ein uredd klatrer og var på fleire ekspedisjoner. Boka «Opp stupet til Østtoppen av Tirich Mir» kom ut i 1964 med Næss som forfattar, men med god skrivehjelp fra Anders Opdal.

Kjelde: Wikipedia



Overnatting i fjellveggen på ein av treningsturane i forkant av turen til Tirich Mir.