Reportasje

Den koselige fredagen

«Kor kan eg møte dei nye sambygdingane mine?» I Vang har løysinga vorte den koselege fredagen.

Sambygdingar, tilreisande og vener sit saman langs med borda på Mjøsvang Kafé. Dei fleste har vore i baren og skaffa seg noko godt i glaset, og gler seg til pizza-bufféen som står klar i enden av lokalet.

Alt er ramma inn av bakgrunnsmusikken der gamle slagerar og nye hits vert blanda i skjønn foreining. Kveldens fredagskos er den fyrste i «sesongen», som startar i september og endar med sumarfest i juni.

Ein godhjarta latter stig frå dei som har møtt opp.

Litt ut i serveringa reiser leiar for Innovangsjon, Hallgrim Rogn seg. – No vil eg presentere nokre nye fjes i Vang! Ta godt imot dei, seier han med eit stort smil om munnen. Ein godhjarta latter stig frå dei som har møtt opp kvar gong eit «nytt fjes» reiser seg opp og Hallgrim kjem med ei nøyaktig køyreskildring til bustaden til vedkommande.

Tanken er god, her skal det vere låg terskel for å gå på besøk og helse på kvarandre! Vang kommune spanderer alltid påmelding til fredagskosen for nye vangsgjeldingar slik at alle får det same høvet til å bli med.

Ingebjørg Blomlie Müller (25) er en øystreslidring med en forkjærlighet til Vang! 

Fredagskos

Blir arrangert 3–5 gonger i året

For alle over 18 år

Lokale møteplassar i Vang

Vang kommune spanderer den fyrste fredagskosen til nye vangsgjeldingar

- Prioriterer fredagskosen så ofte eg kan

- Det var så kjekt og greitt å bli presentert framfor dei andre på fredagskosen. Då slepp folk å lure på kven ein er, og terskelen for å ta kontakt vert lågare, fortel Ida Østvold.

Ho er ei av dei mange som har flytta til Vang dei siste åra. Ein maidag i 2012 fekk ho og kjærasten Sigmund leigd seg ein gard, og dei sette i gang mjølkeproduksjon gjennom firmaet Skutshødn DA.

- Eg prioriterer fredagskosen så ofte eg kan, kan Ida fortelje, og legg til at ho har mange døme på det inkluderande miljøet i Vang. - Då eg flytta hit, kjende eg ingen, men blei spurd om å vere med på aktivitetar og ting frå fyrste stund.

Fredagskos har betydd både møteplass og promoteringsplass

Idas fyrste fredagskos var då ho leverte rumme til eit arrangement på Sommerhotellet. Då enda ho opp med å hjelpe til på kjøkkenet. - For meg har fredagskos betydd både møteplass og promoteringsplass fordi eg har fått presentere meg sjølv, bedrifta og produkta mine, seier Ida, men ho utdjupar at det viktigaste er det sosiale.

- Og så elskar eg å danse! Det var kjempestas då Good Time Charlie spelte på Åsvang, seier Ida med eit smil, og vonar det kjem ein reprise i nærmaste framtid.

«Gymtime»-metodar på fest

Etter middag er det tid for quiz, som har vorte eit kjærkome innslag på mang ein fredagskos. Den gamle «gymtime»-inndelinga med tal og peiking gjev kjapt 11 lag. Ein del skraping med stolar og ein helserunde og med påfyll i baren seinare tek quizen fatt.

Kategoriane engasjerer og skapar samtale mellom dei som har funne vegen, og emne som  «Kongevegen» og «lokalmat» er med på å auke kunnskapen om lokalsamfunnet blant deltakarane. Når fasiten vert lesen opp, er engasjementet høgt – åtte er åtte, ingen slingringsmonn – kjem det frå ein av deltakarane.

Vekslinga mellom glad jubel og lettare frustrasjon frå forsamlinga gjer rettinga artig!

Ei ekte glede over å møte nye menneske er heilt klart til stades
Frå fondy-aften til skileik

Konseptet «Fredagskos» såg dagens lys i 2011, samstundes som Innovangsjon vart til. Det var både naudsynt og ynskjeleg å leggje til rette for samlande møteplassar for dei unge i bygda. Kommunen har hatt tradisjon for ein fjerdedagsfest i romjula for alle vangsgjeldingar mellom 19 og 29 år sidan tidleg på 2000-talet, noko som gav inspirasjon til ein liknande møteplass elles i året.

Serveringa varierer frå gong til gong. Sushi og foto-inspirasjonsforedrag i dei flotte omgjevnadene på Filefjellstuene? Eller kva med ekte nittitals-fondy? Nei, sumarfest med gryterett og livemusikk! Gjennom eit heilt år med fredagskos kan ein vere sikker på å møte noko som fattar interessa.

Kvelden er som oftast samla rundt eit hyggeleg måltid, men ein gong iblant er det aktivitetar som gjeld. Både skileik på Åsvang, badstukveld ved Vangsmjøsa, konsertar og dans bidreg til ein aktiv sosial kalender for dei som bur i Vang.

Tilbake på Mjøsvang held kvelden fram med triveleg prat og mingling. Dei nye kjem lett inn i gjengen. Alle er interesserte i å høyre kvifor dei har kome til Vang, og korleis dei likar seg. Ein kjenner at her er det ein kultur for å løfte kvarandre opp. Ei ekte glede over å møte nye menneske er heilt klart til stades og gjev ein god atmosfære som innbyr til snarlege nye fredagskos.

Quizene som vert brukt under fredagskosen finnes ofte i magasinet Tyin Filefjell. Du kan finne alle utgåvene her.