Reportasje

Fjelldansken

Ti minutt etter at Julie Forchhammer såg at Vinjerock søkte ny sjef, var søknaden send. Fem dagar seinare var den gamle jobben sagt opp, og nasen peika mot Vang.

- Eg hadde ikkje tenkt tanken på å flytte ut av Oslo før eg såg annonsen. Men etter tretti sekund var eg sikker, dette var jobben for meg, fortel Julie Forchhammer. Bydama som vart Vinjerock-sjef. Og Vangsgjelding. Og som til og med har kjørt sitt fyrste skuffelass med traktor. 

Fersk i fjellheimen

Vaksen opp i Danmark og busett i Bergen og Oslo dei siste 25 åra er det lite som luktar fjell av bakgrunnen til Julie. Radioprating, artistmanagement, eige plateselskap, Regnskogfondet og Øyafestivalen, er heller ikkje ein typisk arbeidsbakgrunn i Vang. 

Men kombinasjonen fjell og rock har sett spor etter seg, også i meir asfalterte strøk. 

- I festival- og musikkbransjen der eg har jobba sidan nittitalet, har Vinjerock hatt eit særs godt rykte dei ssite åra. Artistar pratar om store opplevingar, og andre festivalfolk ser med stor respekt på den "greia" Vinjerock har fått til, forklarar Julie om noko av bakgrunnen for at valet vart så lett. 

Ein annan god grunn for å leggje vegen til Vang var eit brennande engasjement for miljø. 

Det går ikkje ein dag her i Vang utan att eg lærar noko nytt.

- Det er lett å vera miljøengasjert når ein sit på Youngstorget og skal redde verda. Her oppe kan eg ta kontroll og sjølv avgrense mitt eige fotavtrykk. Eg slepp å flyge i jobbsamanheng, eg handlar lite, og eg prøver å bruke mest mogleg lokalprodusert i matvegen. 

Etter eit godt år i Vang har bydama vorte bygdekvinne. Der go før heitte "JulieOslo" i sosiale medium, heiter ho no "JulieVinjerock". Og entusiasmen for livet øvst i Valdres er ektefølt. 

- Det går ikkje ein dag her i Vang utan att eg lærar noko nytt. Etter eit år her kan eg med handa på hjartet seia at Vang overgår alle forventningar eg hadde. Folka er bra, fjella er bra, kulturlivet er aktivt, og stemninga i bygda er positiv. Utan at eg har noko breitt samanlikningsgrunnlag tør eg påstå at Vang er unikt i Bygde-Norge akkurat no. 

Hallgrim Rogn

Etter nokre år utanfor skigarden er journalist og sprettball Hallgrim Rogn tilbake i Vang der han no har fått draumejobben som Innovangsjonsminister og kan jobbe fulltid for å gjera Vang til ein attraktiv plass å bu.

Turkompis:

Bikkja mi Luna, Ho mobbar ikkje når eg er treig på ski. 

Turdingsen: 

Ei lommelerke med Fernet Branca. 

Framifrå fyrstereis

Vinjerock 2015 går inn i historia som ein suksess. Utseld, sjølvsagt. Med øl frå Valdres, mat frå Valdres og like entusiastiske frivillige som publikum. Pluss det beste av den nye norske musikken.

– Det seier litt når eit av dei største problema under festivalen var at kaffimaskina ikkje fungerte. Moderne kaffimaskiner nyttar visstnok mineral–innhaldet i vatnet for å syte for rett dosering, men vatnet til fjells var såpass reint at maskina nekta å fungere, fortel Julie medan ho ler godt.

Skuldreane er låge no. Det var dei for så vidt også stort sett både før og under festivalen. Sjølv om ho såg litt mørkare på tilværet då snøen nekta å smelte på Eidsbugarden i juli.

– Eg vart brått litt stressa tre veker før festivalen, men så fann eg roa. For det fyrste er det både ein eineståande stab og frivillig-gjeng i sving for festivalen. For det andre er samarbeidspartnarane stødige og bringar mykje godt med seg. Og for det tredje er det viktig, gjentok eg for meg sjølv: «Det er trass alt berre ein festival», forklarar Julie.

Og ja, Vinjerock er berre ein festival. Men for mange er det ein viktig festival. Publikum elskar Vinjerock, som har dei mest ettertrakta billettane i heile Festival–Noreg. Og nokre intense Vinjerockdagar syter for ekstra omsetning for mange bedrifter i Vang og Valdres.

– Ein ting vi kjem til å prioritere meir framover, er samarbeidet med det lokale næringslivet. Dei har stilt opp for festivalen sidan starten for ti år sidan og er ein viktig del av suksessen til Vinjerock. Det blir spanande å sjå korleis vi kan vidareføre og forbetre samarbeidet med lokale krefter.

Kodeknekkar

Med seg på flyttelasset frå Oslo hadde Julie hunden Luna. Saman har dei sakte, men sikkert bygd erfaring med livet i Vang.

– Det har vorte mange turar heilt frå starten. Og det er godt for Luna sin del. Ho et nemleg det ho kjem over av mus, så det er heilt naudsynt med litt trim, fortel Julie.

Dei starta med flate turar, heldt fram med turar opp mot Leirholshøgda, og denne sumaren har dei tatt steget opp i fjellet.

– Etter at det hadde roa seg noko med Vinjerock, vart det Mugnetind, Skutshødn og Grindadn i løpet av ei veke. Så kom det besøk frå Danmark, og vi la turen frå Sanddalen til DNT-hytta Tomashelleren og så gjekk vi heilt tilbake til Hugasyn siste dagen. Det er gjævt å ha slike opplevingar i sin eigen bakgard, meiner Julie.

Og sjølv om ho har gått frå asfalt-travaer til tindebestigar, har ho mange tankar om kvifor det kan vera utfordrande å koma i gang.

– Det kan vera litt vrient å knekke kodaene som er knytte til friluftslivet. Kva er fornuftige klede og utstyr? Kvar kan ein gå? Kva er greitt, og kva er teit? Eg er heldigvis såpass gamal at eg spør alle dei dumme spørsmåla og drit i om folk ser rart på meg. Og så er det heldigvis mange som inviterer med på tur her, og då lærer ein mykje.

Ikkje berre har Julie knekt turkoden. Også vangsgjeldingen byrjar ho å ha eit godt tak på. Med det har også ein djup respekt for kunnskapen som sit i bygdefolket sett seg.

– Det er mange i Vang som kan så mykje. Anten det handlar om landbruk, natur, jakt, sanking eller heilt andre ting, er dette noko eg har stor respekt for. Og så er det stilig at ein har alt det tradisjonelle tett knytt opp mot det moderne – både når det gjeld i kulturtilbod og bedrifter. På den måten er Vang litt som Japan, filosoferer Forchhammer, som også tykkjer det er artig å sjå att folk ho har blitt kjend med det siste året i heilt andre roller på Vinjerock. 

– Det at Kjell Gudmund som driv med lam, er den same som kjem og fiksar rør på festivalen. Eller at Kjell Magne på saga er den same som leverer kjøt til opprigg, kjennest bra.

Fødested:

Randers, Danmark (56 moh.)

Født:

3. April 1973

Favorittartist:

The Soundtrack Of Our Lives

 

Favorittbok:

Don`t even think about it, George Marshall, 2014

Om musefeller og menn

Som nemnt lærer Julie seg ein ny ting kvar dag. Minst. Noko som er mykje av sjarmen med å bytte ut by med bygd i-følgje ho. Og skal ein tru kollegaer på «Kontorfellesskapet 1724», trengst det.

– Til å vera så gammal så kan du utruleg lite», fekk eg høyre her før jul i fjor, fortel ho. Saka var at Julie hadde fått mus i hus på hytta si oppe ved Hugasyn hyttegrend. Sjølvsagt var musefelle svaret for å kvitte seg med den, men etter fyrste natta med felle var åtet borte utan at musa var det minste daud.

– Eg hadde rett og slett ikkje trekt opp fella, fortel ein gapskrattande Julie, som gladeleg deler av små og store flausar frå fyrste året i Vang.

Det hender ho trynar på ski, at vinden stikk av med eit vindauge (eller to), eller at ho treng forklaring på at «kveitemjølet» på Vinjerocklageret ikkje er laga av fisken i havet med same namn. Men at livet i Vang også byr på nokre flausar, er heilt greitt. Summen av opplevingar er på pluss-sida.

– Å flytte opp her har gått fantastisk bra. Eg var budd på nokre einsame dagar på hytta, med grått og kaldt vêr. Sjølvsagt har det vore nokre vindfulle dagar, men einsamt har det ikkje vore. Det er meir enn nok folk å henge med, og det skjer til tider nesten for mykje her, meiner Julie, som ikkje har nokon umiddelbar plan om å bytte ut hyttelivet med utsyn mot Hugakøllen.

Tidenes jubileumsfest

Haust for ein festivalsjef betyr tid for kreativitet. Dei store planane kan leggjast fram mot neste sumar. Særleg store lyt planane vera no, då det er klart for 10-års jubileum for Vinjerock.

– Det skal både bygda og publikum får merke til gagns, lovar festivalsjefen. Trådane skal trekkjast tilbake til dei fyrste åra, samstundes som ein også skal sjå ti år fram i tid. Utan at ho vil fortelje mykje om planane enno.

Det ho derimot kan vera heilt konkret på, er at Vinjerock har eit ansvar som går ut over det å setja artistar på ei scene og servere øl.

– Akkurat det, kan alle klare. Vi hadde for eksempel nokre frivillige frå Vang mottakssenter i år som gjorde ein kjempejobb. Det er eit initiativ vi lyt ta vidare. Vi skal også halde fram med å dytte lokalmatprodusentar framfor oss, og gjera gode prosjekt saman med samarbeidspartnarane våre, lovar ein engasjert Forchhammer.

Ho ser framtid i jobben som festivalsjef. Ho ser moglegheiter for livet i Vang. Og med Vinjerock som ein heftig finale gjennom året, har ho lært seg å setja stor pris på dei små og store hendingane dagleglivet i Vang byr på.

– Kanskje skal Luna få kvalpar? Kanskje kjem eg meg til Uranostinden? Kanskje prøver eg meg på nedoverski i vinter? Kven veit. Det eg i alle fall veit, er at det ikkje er nokon andre plassar enn her eg vil vera, avsluttar Julie.

Høgaste punkt:

3600 moh, La Paz, Bolibia. (Mugneting høgast i Vang). 

 

Bosted:

Hugasyn, Vang