På ville vegar Tekst/foto: Eirik Høyme Rogn

Austabotntinden ruvar i horisonten bak hyttene i Gravdalen.

På ville vegar

I historiebøkene vil 2013 bli omtala som året der hausten eigentleg aldri dukka opp. Sumaren varte og rakk, og september og oktober baud på fjellturar i eit vêr som me vanlegvis knapt er forunt midtsumars. For ein kvartett med vangsgjeldingar skulle det største tureventyret denne hausten bli skrive i nabokommunen Årdal. Ei helg av dei heilt sjeldne – midtvegs i oktober.

– Kven er med på fjelltur til helga?

Det er tysdag kveld og andre veka i oktober. Yr kan freiste med eit langtidsvarsel som minner meir om fellesferien enn siste rest av hausten. Men denne hausten har vore noko for seg sjølv, og det har vorte utnytta til det fulle. Mang ein ettermiddag har turen gått rett til fjells etter jobb, og mange av helgene er tilbrakt godt over tregrensa. Lenge har me tenkt at «denne helga blir sikkert den siste», men vêrgudane har vore i perlehumør.

Dei ivrigaste av oss har hatt ei prategruppe på Facebook gjennom heile hausten. Denne gongen er det Halvor som tek initiativet. Vestfoldingen som gjorde vangsgjelding av seg for tre år sidan har på rekordtid erobra dei fleste fjell og knausar i Vang, men han manglar nokre toppar oppe i Jotunheimen, som han tenkjer å ta denne helga.

Mange melder seg på i debatten. Skulle me ha teke for oss Slettmarkspiggen? Eller er det kanskje på tide å faktisk ta den turen over Torfinnstindane som me har drøymt om i årevis? Blir det for ambisiøst? Kva om vi heller går inn i Leirungsdalen og slår leir for helga, og tek dei turane me føler for derifrå litt på sparket?

– Det let seg simpelthen ikkje gjere å argumentere mot Hurrungane, same kor sterkt krutt ein har på lur.

Ei av dei største utfordringane med å gå fjelltur i Vang er at moglegheitene er altfor mange. Stundom kan ein bli så forfjamsa av alle alternativa at ein til slutt ikkje kjem seg nokon stad.

Men denne helga skal vi på tur, og Erlend kjem med trumfkortet ut av det blå. Og det er ikkje kva som helst han føreslær. Kontroversielt nok peikar han mot grannane våre i vest. Med tid og stunder har me nok lært oss å koma godt overeins med sogningane, men kan han verkeleg meine at vi skal bruke det som fort blir årets siste fjellhelg i Årdal? Er det der me skal avrunde sesongen kor me hadde mål om å nå over flest mogleg toppar i Vang?

Svaret blir etter kvart ja. Me greier trass alt ikkje å bli samde om noko turmål i eigen kommune uansett, og når Erlend slær Hurrungane i bordet som ein joker i argumentasjonsrekka si, så har me lite å stille opp med. Det let seg simpelthen ikkje gjere å argumentere mot Hurrungane, same kor sterkt krutt ein har på lur.

Eirik Høyme Rogn

Opphaveleg utdanna grafikar, men i seinare tid fyrst og fremst kjend som festivalsjef for Vinjerock og ihuga bygdeoptimist i Innovangsjon. Jobbar i desse dagar med Ungdoms-OL 2016 på Lillehammer, og brukar mesteparten av fritida på å drøye seg heim til høge vangsfjell.

Det er sjeldan ein kan gå i bar overkropp på 1100 moh. Spesielt når kalendaren syner midten av oktober.

Hurrungane

Hurrungane ligg på grensa mellom Luster og Årdal kommuner i Sogn og Fjordane, og er eitt av Noregs mest utprega alpine fjellområder. Hurrngane har 23 toppar over 2 000 meter, med den legendariske Store Skagastølstind (Storen) som den høgste – med sine 2 405 meter over havet.

Basecamp Gravdalen

Erlend har peika seg ut Gravdalen som basecamp for fjellhelga vår. Dit har han visstnok tenkt seg lenge, etter å ha høyrt at det ein nydeleg plass med lite folk innom. Perfekt for ein folkesky vangsgjelding, med andre ord.

Eg er strålande nøgd med forslaget. Tanken om hytte freistar langt meir enn å bera med seg eit telt, ein overnattingsform eg har lite til overs for i utgangspunktet. 

Halvor er derimot ikkje like nøgd. Han elskar å bu i  telt. Han er den typen som gjerne tek med seg teltet uansett, og slær det opp utanfor den varme hytta som me andre bur i. Hadde me snorka som mannevonde brunbjørnar kunne eg ha skjønt det, men  det gjer me (i følge nokså sikre kjelder) ikkje. Eg forstår ikkje heilt greia, men heldigvis for eit luksusdyr som meg så vinn hytta kampen denne gongen.

Med ei triveleg hytte i horisonten, og stadig like optimistisk haldning frå meteorologane, blir dagane fram mot helga nesten uuthaldeleg lange. Men fredagen kjem omsider, og ved lunsjtider finn eg og Erlend ut at produktiviteten uansett er på eit såpass labert nivå at vi like greit kan reise avgarde. Halvor og Marte, kjærasten til Erlend, har bestemt seg for å koma etter på laurdagen.

Berga av sportsbutikken

Lunsjpakka blir konsumert i rekordtempo, og snart er Saab'en til Erlend langs vegen med stø kurs vestover. Som alltid med ei viss kjensle av at noko er attgløymt, men utan at nokon av oss heilt forstår kva.

I det me passerer kyrkja i Øye kjem me på det. 

– Helsike! DNT-nøkkelen, utbryt Erlend, i det han innser at den ligg att heime på Åsvang.

Men pulsen held seg likevel ganske roleg. Det meste har ein tendens til å ordne seg på bygda, og det tek ikkje mange sekunda før Erlend har vore på tråden med Leif Øyvind på sportsbutikken, som sjølvsagt kan berge oss ut av denne knipa også. Ikkje det at bomturen på ein times tid attende til Åsvang hadde medført særskilt store problem, men med ei steikande sol – som på denne tida av året har avgrensa arbeidstid, er desperasjonen stor etter å få på fjellskoa og legge i veg mot dagens mål.

Leif Øyvind får, som seg hør og bør, litt utteljing for å ha berga oss ut av knipa. Ein ny tursekk og ymse anna på «kjekt å ha»-lista blir med oss ut av butikken – saman med den heilage DNT-nøkkelen – og omsider svingar me over på Fv53 mot Årdal. 

Gleda er stor, men innerst inne er eg framleis litt skeptisk til dette turprosjektet som Erlend har lurt meg med på. Kan verkeleg Årdal vera så bra som han trur?

Solnedgangen bak Falketind og Hjelledalstinden var av det magiske slaget denne fredagskvelden i oktober.

Chop suey

Sola skin minst like kraftig i Årdal som heime i Vang, og på veg nedover mot Sognefjorden skin til og med aluminiumsverket som ein blenkjande borg mot oss. 

Nede i Øvre spring me innom Kiwi for å proviantere alt me gløymte å kjøpe med oss frå Joker'n på Filefjell, men blant bæreposar med aviser, øl og sjokolade innser me brått at svolten er på veg attende. Tida har gått snøgt sidan den kjappe lunsjen, og utan mat og drikke i magen kan høgdemetrane til Gravdalen fort bli eit krevjande prosjekt både for humør og musklatur.

– Kva med litt kinamat? spør eg.

Erlend ser skeptisk på meg, så eg kommenterer raskt at eg har høyrt at maten der er god. Sanninga er at eg ikkje har peiling i det heile, men eg erindrar å ei gong ha sett logoen til restauranten på Fosshaugane Stadion, og då har eg konkludert med at dei i alle fall har skjønt kva for eit lag som er best. Då er sikkert ikkje maten så galen heller.

Den er heldigvis velsmakande, og stappmette på chop suey og sursøt saus vender me snuten mot Utladalen.  Eg sit i passasjersetet og bit i meg skepsisen min, bit for bit. Utladalen blir stadig vakrare, og vel framme på Hjelle spør eg meg sjølv kvifor eg ikkje har vore oftare i denne delen av Årdal.

Det faktum at sola er i ferd med å gje seg for dagen, fordi vi har sløsa bort halve dagen på eting og shopping, har brått vorte underordna. Vi har trass alt hovudlykter, og om vi går på litt rekk vi nok opp før det blir mørkt uansett.

Bergteken vangsgjelding

Tempoet er høgt oppover gangvegen i Utladalen, og Avdalsfossen blir ikkje beundra så lenge som han burte ha vorte denne gongen.

I det me forlet vegen til fordel for stigen oppover mot Avdal Gard, møter me ein familie på fire – som skal syne seg å bli dei siste tobeinte me møter på turen vår. 

Gode 400 høgdemeter seinare ruslar me inn på gardstunet i Avdal, kor me unnar oss ei lita puste- og drikkepause blant brekande sauer, og utsynet til ein Utladal i solnedgang. Eg tenkjer i det stille at Erlend fortener skryt for dette forslaget, men eg held det for meg sjølv fram til vi har nått det endelege målet. For alt eg veit kan jo Gravdalen vera omtrent like trist som namnet tilseier, sjølv om eg innerst inne byrjar å få trua på det heile.

Litt ovanfor den gamle garden får me valet mellom å gå til Slufsedalen eller Gravdalen. Dei er gode på dette med stadnamn her borti Sogn, tenkjer eg, medan eg heile tida gløttar meg over skuldra for å nyte utsynet til Falketinden som lyser oransj i kveldssola bak meg. Det er så fint at det nesten gjer litt vondt.

Stigen oppover mot Gravdalen, som ligg på 850 meter over havet, er stort sett i god stand. Turen går i forrykande fart, sjølv om eg stundom angrar på at eg bar med meg såpass mykje godt kjøt og øl. Men det skal koste litt å kosa seg på tur.

Like før klokka blir halv sju er me framme. Turen opp har teke oss halvannan time, og i det me ruslar inn på hyttetunet blir all tvil gjort til skamme. Kvar einaste sveittedrope føles som ei investering med rekordavkasting.

– Oi, seier eg. 

Stort meir greier eg ikkje å få sagt der eg står. Stort meir er det heller ikkje behov for å seie.

Me blir ståande i eit lite minutt berre for å nyte det heile. Tre sjarmerande hytter omkransa av nyrima gras og ei brusande elv, med eit panorama som kunne fått sjølv gamle Slingsby til å bli mo i knea. Rett framfor oss ruvar Austabotntindane i all si prakt, og austover ser me dei kjende profilane til Falketinden og Hjelledalstinden. Alt er fargelagt av dei siste restene av solnedgangen, med fargar som ein kun ser så seint på hausten.

Gravdalen

DNT-hytta i Gravdalen ligg på 850 moh, og er eigd og drive av Årdal Turlag, og består av tre sel med fire sengeplassar i kvart. Hyttene er ubetjente men tilgjengelege med DNT-nøkkelen heile året. Adkomst til tunet via stig frå Utladalen, Stølsmaradalen eller Fardal (Tindevegen). 

Den 2208 meter høge Austabotntinden og 1,8 meter høge Erlend speglar seg om kapp i Gravdalsvatnet.

Stølsmaradalstinden

Det 2026 meter høge fjellet ligg sør i Hurrungane, og er Noregs 169. høgste fjelltopp. Fjellet et lite besøkt på sumaren, men meir nytta som skitopp på vinteren.

Valmoglegheiter

Me tek ei kjapp synfaring innom dei tre hyttene me har å velje mellom, og peikar oss ut hovudhytta. Der er det best plass og gode fasilitetar for fire glade vandrarar. Erlend gjer nytte for seg ved å fyre hytta varm, medan eg spring  rundt meg sjølv utanfor i håp om å forevige solnedgangen som har trollbunde meg den siste timen.

Sola hiv til slutt inn handkleet for godt, og eg kræsjlandar på ein benk med turens fyrste øl i handa. 

– Lyst på litt mat? spør Erlend.

Dagen så langt har jo eigentleg handla mest om eting, men etter klatreetappa frå Hjelle til Gravdalen har forbrenninga gjort sitt til at magen på ny er klar for litt påfyll. 

Erlend er kjend for å vera litt vimsete, men i fjellheimen er han like stø som ein møysommeleg mura steinvarde. Førebudd som han er, fiskar han opp ei pastagryte frå sekken – som vart kokkelert kvelden i forvegen. No treng den berre litt oppvarming og tilbehør, og det tek ikkje mange minutta over propanblusset før herremåltidet kan gå ned på høgkant.

Ein øl og eit helgemagasin  seinare er det berre å finne fram lakenposen og takke for seg.

Prosjekt perfekt

Det skal i løpet av natta syne seg at det allereie budde nokon i hytta me hadde valt oss kvelden i forvegen. I veggen bak sengegavlen raslar det friskt  med jamne mellomrom. Men mangelen etter spor inne i sjølve hytta tyder på at dei firbeinte trivst utmerka der inne i veggen, så me sløkkjer hovudlyktene og slær oss godt til ro med å dele hytta med dei fastbuande. Det skulle vel eigentleg berre mangle.

Nokre timar seinare blir me vekt av morgonsola. Laurdagen held fram der fredagen slapp, men om mogleg er det enno meir vindstille no. Turen til utedoen med Austabotntindane i horisonten skulle eg gjerne ha teke kvar einaste morgon.

Natta har vore klår og kald. Rimet sit godt i graset, og bakken er kald og hard. Etter litt frukost og kaffi i solveggen bestemmer me oss for å ta ein liten rekognoseringstur oppover i dalføret, medan me ventar på dei to andre som skal koma seinare på dagen. 

Målet for morgondagen er nemleg den 2026 meter høge Stølsmaradalstinden. Ingen spesielt komplisert fjelltopp, men med relativt seig anmarsj på sumarstid. 

– I den augneblinken slær det meg at det neppe finst nokon betre stad på jorda å vera akkurat no.

Kartet syner at det er om lag 7 km inn til dit kor stigninga opp mot tinden byrjar. Ein stig er merka av på kartet deler av vegen, ellers ser det ut til å vera myrterreng langsmed Gravdøla, som snirklar seg gjennom heile dalen.

Med nysmurt niste, kaffi og vatn i sekken legg me i veg oppover. Stigen er nyrydda og god fram til punktet kor den deler seg i to – vestover mot Fardalen, eller austover mot Stølsmaradalen. Me skal derimot beint fram.

Det skal syne seg å vera eit godt val. Myrene er oppturka av den fine hausten, og nattefrosten bidreg også til at turen oppover dalen går som ein leik. I det me når fram til Gravdalsvatnet har heile panoramaet med Austabotntindane, Ringstindane og Stølsmaradalstinden openberra seg framfor oss. Vatnet ligg blikk stille, og sola varmar så godt at me kastar trøya båe to. 

I den augneblinken slær det meg at det neppe finst nokon betre stad på jorda å vera akkurat no. Gravdalen er eit strålande turprosjekt. Prosjekt perfekt.

Kortspel, biffgryte og noko brunt i glaset. Ein perfekt kveld blant høge årdalsfjell for Erlend, Marte og Halvor.

Opplading

Me ruslar litt lengre oppover i dalen, og peikar oss ut ei rute til dagen etter. Valet står mellom å følgje Gravdalsryggen heile vegen, eller å gå opp gjennom dalen som i dag, og beint oppover dalsida mot toppen. 

– Eg trur me tek dalen oppover i morgon, og ryggen på returen, føreslær Erlend, og argumenterer med at det er godt med ein mjuk start på turen.

Eg er samd.

Godt nøgde med dagens planarbeid, slær me oss ned på ein stor stein og skyljer ned nista vår med iskaldt vatn frå Gravdøla. Føremiddagen har vorte til ettermiddag, og det er på tide å rusle nedover att for å ta i mot Halvor og Marte på hytta.

Timinga er upåklageleg. Me møter dei på dørhella, og deler nokre røverhistorier og sjokoladebiter på trammen før me går inn i hyttevarmen.

Kvelden går med til kos, prat og enno meir koseprat. Sjølvsagt akkompagnert av god mat og god drikke av fleire slag. Men allereie klokka halv elleve er me i seng. Morgondagen blir ein lang ein, og me må koma oss tidleg av garde for å rekke heile turen. 

Tidleg på'n

Vekkeklokka ringjer klokka 06:00. Planen er å vera ute på stigen ein time seinare. Svevnkvaliteten har vore noko meir variabel denne natta. Det kunne verke som venene våre i veggen tok seg ei real rotbløyte. Dei held det i allefall gåande til langt på natt.

Men me kjempar oss ut av lakenposane våre, pussar tenner, kokar kaffi og smører mat. Tidsskjemaet held nesten, og litt før halv åtte er me på veg. Framleis er det ganske mørkt, så hovudlyktene er med dei fyrste par kilometrane. Men i det me forlet den siste vegtasjonen kjem også dei fyrste solstrålene på fjellveggen som ruvar framfor oss. 

– Fy fader, seier Halvor.

Ingen av oss føler behov for å tilføye noko. Det er ikkje stort meir å seie.

Kort tid etter er me framme i enden av dalen, og kikar opp mot tinden som ruvar knappe 900 høgdemeter ovanfor oss.

Bakken som ligg framfor oss ser ut som ei blanding av steinrøys, glatte sva, bekkar og grastufter – før det heile går over i eit landskap av steinblokker der breen har trekt seg attende.

Med ein viss skepsis går me laus på oppstigninga med litt ulike ruteval – og dermed litt ulike utfall. Men etter ein del prøving og feiling kjem me oss omsider opp til brekanten, sjølv om det tok meir tid enn planlagt.

Etter å ha kosa oss med nista blir me ståande i snøkanten og skue utover i nokre stille sekund. Sjølvaste Storen lyser beint i mot oss, og i det klåre haustvêret ser me store delar av Jotunheimen. Det går ikkje lange tida før Memurutindane, Storebjørn og Uranostinden er peika ut i horisonten.

– Her kunne eg ha stått i timesvis, seier eg.

Men kosen må vente. Me er trass alt på topptur, og då må ein til topps. Etter å ha rekognosert ruta vidare mot toppen så konkluderer Halvor med at dette neppe er ein tur som høver for den firbeinte turkameraten vår, som har hatt ein seig tur oppover i skråninga til no. Han og Marte bestemmer seg difor for å byrje på returen bortetter brekanten mot Gravdalsryggen, medan eg og Erlend spring oppom toppen.

1 nøkkel - 500 hytter

Som medlem i Den Norske Turistforening deponerar du ut DNT-nøkkelen for den nette sum av 100 kroner. Med den i handa kan du leggje ut på tur til 500 hytter over absolutt heile landet, og fem av dei finn du i Vang.

Erlend på toppen av Stølsmaradalstinden, med Skagastølstindane ruvande i bakgrunnen. Hurrungane er noko for seg sjølv.

Fleire bilete
Steinrøys

Springing blir det lite av i steinrøysa, men turen til toppen går tåleleg greitt likevel. I følge turrapportane me hadde funne på nettet var dette ein lite besøkt topp på sumarstid, noko også vardinga (eller mangelen på varding) ber preg av. Men sume stader står det små vardar, og med skarpt blikk klyv me oss sakte men sikkert til topps.

Med stupbratte fjellsider ned mot dalane kring oss, og utsynet til Ringstindane og Skagastølstindane midt i fanget, er det duka for nokre minutt med fjellmagi på toppen. Men samstundes veit me at turen opp har teke meir tid enn planlagt, og at det er liten tid til lange pausar dersom me skal vinne over haustmørket på turen ned.

Det skal syne seg at returen over Gravdalsryggen er ein god del seigare enn me hadde førebudd oss på. Det går opp og ned over haugar og knausar, og stundom føles det som me går dobbelt så langt som me hadde trengt. Me gløttar nedover mot dalføret att og tenkjer på å rusle ned igjen dit, men truleg går Halvor og Marte ein stad framfor oss, så me held oss på ryggen.

Det største problemet i haustvarmen er derimot at vassflaska er tom, og her oppe finn me ikkje anna enn myrvatn. Dårleg planlegging, tenkjer eg, medan eg jobbar hardt for å ikkje la turka gå hardt utover humøret.

Stramt tidsskjema

Me hadde rekna oss fram til at me kunne bruke 12 timar på turen totalt i dag. Hvis me gjekk frå hytta klokka 7, kunne me nå fjelltur, utvask og retur til Hjelle innan klokka 19 på kvelden.

Men med litt for sein start og litt for seige bakkar ligg me eit stykke etter skjema. Pausene me hadde rekna inn blir difor av det knappe slaget, med hydreringsproblematikken attpå.

Difor er lukka stor når me endeleg oppdagar ein sildrande bekk, og nokre minutt seinare tek me også att våre to turvener. Med påfyll av både flytande og fast føde stig både humøret og takta, og turen nedover mot hytta går i godt driv. Bortsett frå eit par hjortedyr nede i dalen er det framleis ingen andre å sjå.

Klokka slår fem i det me når attende til hytta, og med eitt er me i takt med tidsplanen vår att. Hytta blir rydda og sekkar effektivt pakka, og kort tid seinare er me på veg nedover i lia.

Presis klokka sju står me ved bilane nede i Utladalen. Totalt utslitne, men hinsides fornøgde.

– Er du svolten, eller? spør eg Halvor.

Kinamaten hadde jo vore god for to dagar sidan også, men i kveld er både den og banansplitten ei Michelin-stjerne verdig i ganane våre.

– For ein tur, seier Erlend. 

– Herre min hatt for ein tur.