Påsketur Tekst/foto: Hallgrim Rogn

Påske og Vang er to ord som kling godt saman.

Påsketur

Der nokre turar fort vert gløymde, skiftar andre karakter etter at dei er avslutta. Detaljar bit seg fast, stemninga sett seg i ryggmergen, og turen endrar seg sakte, men sikkert frå ein tur til ei historie. Ei historie som gjerne vert ein del av historia om deg. Som ein tur frå Filefjell, gjennom Skarvheimen og Vangsfjell, heile vegen heim.   

Enkle gleder

– Tenk at vi kan koma tretten personar midt i travleste påska og alle få eiga seng på Sulebu!
– Det hadde eg aldri trudd. 
– Heilt greitt å la liggjeunderlaget bli liggjande nedst i sekken.   

Turfylgjet er i andektig småprat over enkle gleder den fyrste kvelden på tur. Dei fleste har vore her på langrennsski før og veit godt at hundrevis av personar er innom den vesle sjølvbetjeningshytta Sulebu på ein solrik påskedag.  Som i dag. Men dette med å overnatte inne i fjellheimen er visst ikkje like populært.

Ikkje nok med at alle har fått seg sengeplass – vi har også ei heil hytte for oss sjølv. Eller, om ein skal vera pirkete, er det «sikringsbua»  hyttevakta Trond smilande har skjenkt oss.

Her er geniale sovehemsar som rommar tolv av tretten i turfylgjet, eit skikkeleg kjøkken, ein effektiv vedomn og eit langbord med plass til alle. Når vi i tillegg finn både kakao og fruktcocktail på matlageret, snakkar vi om ei luksushytte i ordets rette forstand.

Utover kvelden kjem det stadig nye turfolk til Sulebu. Alle vert tekne vel hand om av den allereie nemnde Trond, og  til saman søv det faktisk folk på alle dei 24 sengeplassane i hytta denne natta. Sjølv det dobbelte ville ikkje vore store problemet, madrassar er det alltids nok av. Vi er trass alt på ei turistforeiningshytte, og der SKAL det vera plass til alle. 

Solnedgang over Skarvheimen

Nokre bruker kvelden til kortspill, kakao og kos. Andre tek turen ut for ein liten skitur inn i solnedgangen. Med utsyn mot Jotunheimen, Hurrungane og Suletinden treng ikkje turen vera lang for å bli majestetisk ved Sulebu.

Eit lite skår i gleda er det vel å merke å spore der vi står på Svarteknippa (1409 moh.) rett aust for Sulebu og gjer vårt beste for å setja ord på alt det kvasse og majestetiske i horisonten.

– Korleis trur de denne opplevinga hadde vore med vindturbinar på plass der
nede? undrar Henning. Han peiker mot Kvamsnøse og gjer ingen forsøk på skjule skepsisen for prosjektet som er under oppsegling.

Noko heller ikkje Endre kan skuldast for å prøve på.
– Vert det noko av planane, vert eg så skuffa at eg ALDRI fløt heim att, smell den kontant frå han.

Sjølv om gevinsten er grøn energi, einast vi enkelt om at vi ikkje ynskjer å stille fjella ”våre” til disposisjon. Hadde vi i det heile teke denne turen om turbinane hadde vore ein del av pakka?

Heldigvis slapp dette å bli historia om siste gongen vi fekk nyte ei ubroten tinderekke frå Sulebu. Planane om vindkraft ved Kvamsnøse vart skrinlagde i løpet av sumaren. 

Hallgrim Rogn

Etter fem år i «byen» som skribent for Den Norske Turistforenig (DNT) flytta Hallgrim heim til Vang no i vinter. Ved sidan av å gå på ski og hogge ved, jobbar han for Innovangsjon og som frilansar med base på kontorfelleskapet 1724. 

 

null

1 nøkkel = 500 hytter

Som medlem i Den Norske Turistforening (DNT) deponerar du ut DNT-nøkkelen for den nette sum av 100 kroner. Med den i handa kan du leggje ut på tur til 500 hytter over absolutt heile landet. Berre i Vang finn du fem fjellhytter av beste merkje.
www.turistforeningen.no

 

Kupert mot Kljåen

Ruta mellom Sulebu og Kljåen er lite gått vinterstid, då  det eit par plassar er såpass bratte at skred kan lausne. Difor er det ikkje sett opp kvist her, slik som elles er regelen i fjellet.

– Dette er panser! Så lenge vi ikkje går på trynet og bryt av eit bein, bør dette gå særs greitt, slår Henning fort fast. Som den mest røynde turaren i fylgjet tek han naturleg rolla som turleiar.

Vi kan føle oss trygge! Eller, ikkje heilt. To tryn av det heftige slaget og ei ski som like greitt tek turen på eiga hand ut for dagens lengste utforbakke, er noko av krydderet i tilværet den fyrste timen. Då er det ikkje særleg mykje blå ekstra att under skia, eigentleg temmeleg lenge sidan frukost og på alle måtar greitt med ein liten pause.

– Det er trass alt sol, vindstille og eigentleg ingen hast med å nå Kljåen, slår Ingrid fast idet ho sig ned i ei nygraven solgrop.

– Faktisk er det såpass lite hast med å nå Kljåen at eg trur det er tid for ein tur oppom Skøddetinden på vegen, ymtar Henning fram når siste sjokoladebiten (for denne gongen) er eten opp. Den 1668 meter høge toppen går under kategorien ”lite spektakulær og godt utanfor allfarveg”. Faktisk har han såpass  lite ved seg at det mest truleg ikkje har vore andre folk der denne vinteren, kjem vi fram til.

Berre Endre og Kristian lèt seg lure med til topps, mens vi andre har store nok utfordringar med å finne ein veg ned mot Kljådalen som lèt oss behalde både lemmar og ski i rimeleg god stand.

Overnattingsrekord

På Kljåen skjer det som alltid får eit valdreshjarte til å banke litt ekstra. Vi får selskap av ei drivandes flott dame frå Hallingdal. Marte har store planar om å runde av påskeferien i heimdalen og bli med oss over til Vang. Akkurat som ei skrøne frå gamle dagar. At vi også mister ei i turfylgjet til familieferie i Hemsedal før vi forlèt Kljåen, skriv vi ikkje meir om.

I alle fall er vi no fjorten personar som skal dele på dei åtte sengeplassane i det gamle stølshuset som er ominnreidd til turistforeiningshytte. Eit lite soverom og nokre briskar i stova er det vi har å dele på.

– Eg trur vi får selskap, informerer Kristian oss etter å ha vore ein tur ved ei råk nedi elva og henta vatn.

Sjølvsagt har han rett. To søner saman med far sin er nemleg ute i same ærend som oss. Brått er vi sytten personar på det som framleis er dei same åtte sengeplassane. Den litt trykte stemninga som oppstår, vert løyst opp av DNT-klassikaren ”ein god bunke pannekaker”. Og den vert heilt pulverisert idet den joviale familiefaren oppdagar noko vi andre glatt har oversett.

– Det er jo tre sengeplassar her oppe på loftet. Eg trur like greitt at vi legg oss her, eg!

Med tre på loftet, sju personar og eit nyforelska kjærastepar i dei åtte og dei siste fem på madrassar har overnattingskabalen gått opp glatt nok i kveld.

 – Det er ny uoffisiell overnattingsrekord på Kljåen, informerer Siri oss idet dei siste kryp ned i posen den kvelden. Ho har teke ein ekstra god titt i gjesteboka og finn ingen kveldar med like mange namn som i kveld.

Merkeleg nok søv ingen av oss det minste ubehageleg trass i rekorden.

null

Frå Hallingdal til Valdres

Tysdag vaknar vi opp til kanonvêr. Igjen. Stabilt høgtrykk er påskevêret slik det skal vera! Turen går no heim over fjellet mot Vang, med ei om mogleg enda betre kjensle i magen enn dagen før.

– JIIIIHAAAA!!!

Vi har nett passert kommunegrensa, og snaue 150 høgdemeter nedoverbakke med mjuksnø av beste merke ynskjer oss velkomne. Det feirar vi sjølvsagt med meir eller mindre ukontrollerte gledeshyl ut i fjellheimen. Klart at det vert nokre tryn også, men det er heilt greitt når det er pudder og ikkje panser ein dett på.

Resten av skidagen vert ein såkalla sjarmøretappe. Fin snø, lett terreng og ein liten kneskade på Carl som det einaste å skrive heim om. 

Gourmet i Smådalen

– Eg såg solgropa omtrent før eg såg stølen, påstår Kristian bestemt der han sit med turens fyrste øl i handa og  heile kroppen som eit digert glis idet vi andre kjem fram. Og ja, vi må innrømme det vi òg.  Ho er diger. Og det fyrste  teiknet på at vi nærmar oss eit påskeliv av det slaget vi er vane med. Det er nettopp gigantomane solgroper som er viktig. Saman med øl, bra mat og eit påskeegg som på ein eller annan måte aldri vert tomt for snop.

– Velkomne til Njukestølen, i alle fall, kjem det får Eirik. Han har nett kjøpt småbruk i Vang der denne stølen høyrer med. Dette er fyrste påske på stølen, og heldigvis for alle oss andre har han opna dørene for heile bølingen.

Vi tek ein skål på det før sola litt for brått går ned bak Rankonøse. Ei solgrop utan sol er ikkje nokon verande stad. Heldigvis er stølen til Eirik sprengfyrt og den ideelle plassen å trekkje seg tilbake til.

– Det der var ein middag av eit kaliber ingen restaurantar i byen gjer etter oss, slår Siri sikkert fast idet klokka byrjar nærme seg seint og vi har ete godt i fleire timar.

Hjortekjøtet Kristian har drege med seg, må ta sin del av skulda. Det er nemleg det møraste vi nokon gong har smaka. Og fleire av oss har smaka mykje bra mørna viltkjøt. Rømme, fløyte, smør, tytebær, kokekaffi og konjakk er fleire stikkord for trerettaren.  

Ikkje berre et vi godt denne kvelden. For fyrste gong på turen klarar vi å halde oss vakne seinare enn til halv elleve … 

Heilt heim

– Vi skal ikkje prøve å gå heilt heim att då?
– Tja, kvifor ikkje. Det er stort sett nedoverbakke herifrå.
– Vi vert i alle fall med til Syndin og svingar ned i bygda der.

­Under frukosten vert det bestemt. Vi går heilt heim! Ikkje berre nesten. Dei aller fleste på turen vår høyrer heime ulike stader i Vang, så kvifor ikkje?

Det betyr at turfylgjet sakte, men sikkert vert mindre denne dagen. Nokre sklir ned til Grindaheim, andre til bilen som står parkert ved ungdomsskulen eller rett heim til huset.

Dei siste kilometrane er det berre meg og Emma att. Og brått stoggar eit par slitne fjellski tre meter før asfaltkanten på E16 ein stad temmeleg midt mellom Ryfoss og Grindaheim. Det er midt i påskeveka, og vi er berre nokre hundre meter unna heime.   

– Vi klarte det, seier Emma idet ho bøyer seg ned og sprett opp bindingane.

Litt kry er vi. Over livet. At det av og til klaffar. Altså, det er ingen ekspedisjon vi har lagt bak oss. På ingen måte. Vi har gått nokre mil, men så har vi også brukt fire dagar. Men det er ikkje prestasjonen vi er stolte over. Det er noko anna. Noko som ligg i kjensla som kjem når ein er ute fleire dagar i strekk. Det er ikkje heilt greitt å setja ord på det der og då.   

Og idet vi ruslar dei siste metrane heim til gards, går Emma brått i gang med å fortelje ei historie.

– Du veit den kvelden på Sulebu … 

Smådalen

Smådalen er ein av dei klassiske fjelldalane i Vang, rik på fjell- og stølskultur. Smådalen naturreservat øvst i dalen og Øynadn naturreservat lengst sør vernar den spesielle naturen som byr på både morenelandskap og våtmark. Ranastongi (1900 moh.) er det gjævaste toppturmålet i dalen. 

Fleire bilete