60 år med betong Tekst/foto: Hallgrim Rogn

I 2016 markerar Ryfoss Betong sitt sekstiandre driftsår

– Det heile starta med at bestefar min, Anfinn Berge, gjekk med ein tanke om å starte eiga bedrift. Sand var eit råstoff tilgangen var god på i Ryfoss, og byggjeprosjekt var det nok av i Valdres på den tida. Dermed tok han steget og starta opp Ryfoss Betong, fortel Marianne Berge, som er barnebarn av gründeren, og som no er dagleg leiar ved bedrifta.

Etter få år var Ryfoss Betong ei hjørnesteinsbedrift i Vang, og det har dei vore sidan. I dag tel bedrifta 18 tilsette og avdelingar både på Leira og i Årdal. Neste år markerer dei altså sitt sekstiande driftsår.

– Vi har alltid vore ei familiebedrift, og eg trur tryggleiken som ligg i dette, har gjort oss i stand til alltid vera frampå

Etter fem år i «byen» som skribent for Den Norske Turistforening (DNT) flytta Hallgrim heim til Vang i fjor vinter. Ved sidan av å gå på ski og hogge ved, jobbar han for Innovangsjon og som frilansar med base på kontorfelleskapet 1724. 

"Ryfossblokka" er laga av 100 prosent betong

Ryfoss Betong AS

Familiefirma starta opp i 1956 av Anfinn Berge – fyller med andre ord seksti år i 2016.

Hovudkontor på Kvismoen nord for Ryfoss i Vang.

Produksjonsavdelingar også i Årdal og på Leira.

2218 tilsette og omsetjing på 36 millionar i fjor.

Alltid frampå

I nokre år var rørlegging av bekkar den store motoren i verksemda. Seinare var det Vegvesenet som skulle leggje vatn i røyr. Så kom kraftverk, tunnelar og aluminiumsverk med stort behov for betong frå Ryfoss. 

– Vi har alltid vore ei familiebedrift, og eg trur tryggleiken som ligg i dette, har gjort oss i stand til å alltid vera frampå og tilpasse oss kva marknaden vil ha, filosoferer Berge om kvifor pila har peika såpass jamt rett veg for bedrifta.

Hovudproduktet til Ryfoss Beton er ferdigbetong som vert transportert rundt om i Valdres og Indre Sogn i dei velkjende, blåstripa, betongbilane. Denne hausten investerte dei i ein splitter ny blåstripa bil med rekkevidde og teknologi det berre finst tre maken til i Europa. Mindre kjent er alt som vert produsert på fabrikken i Ryfoss.

– Kommunalvarer i stål og betong, skiltfundament, plattendekke, veggelement, søyler og dragarar er nokre eksempel. Elles borar vi ofte etter vatn og lagar komplette vassanlegg, seier Berge.

 

 

«Ryfossblokka»

Ryfossblokka ser ut som naturstein, men er 100 % betong. Blokka er eigentleg resultatet av eit behov for å nytte overskotsbetong frå produksjonen i Ryfoss. Men blokka har no vorte eit signaturprodukt herifrå.

– Vi hadde mykje restbetong som kunden ikkje tok imot. I staden for å deponere dette fekk vi tak i former som passar forholda i Valdres, og med det var «Ryfossblokka» skapt, fortel Berge.

Den 1200 kilo tunge blokka blir brukt til alt frå støttemurar langs vegar til mindre prosjekt i hagar eller parkar, og ho har vorte eit signaturprodukt for bedrifta.

Ryfoss Betong har hovudkontor på kvismoen og har 18 tilsette.

Følgjer med i tida

I desse dagar leverer Ryfoss Betong 3400 kvadratmeter såkalla «plattendekke» til nye studentbustader i Sogndal. Det er ei kjempekontrakt for bedrifta og eit godt døme på at nytenking løner seg.

– Her har vi eit produkt som er rimeleg og effektivt for kunden, og som vi har kapasitet til å levere mykje av. Dette kan også brukast til fjøsbygging, industribygg og andre store konstruksjonar, fortel Marianne.

Produktlinja er med andre ord sett for framtida. Det same er dei digitale flatene, der bedrifta følgjer godt med i timen. Nettsida ser like bra ut på eit nettbrett som på ei normal maskin, mens vi på facebooksida får sjå alt frå actionfilmar frå dei seinaste prosjekta, til bilete av produksjonen, dei tilsette og frå den daglege drifta.

– Eit godt rykte er viktig, men skal vi nå nye kundar, er det også naudsynt å vera god med informasjonen ut.

– Eit godt rykte er viktig, men skal vi nå nye kundar, er det også naudsynt å vera god med informasjonen ut mot nye kundar. I 2015 forventar ein å finne ut det ein treng å veta, enkelt på nett. Difor har vi lagt ressursar i nettsida. Og gjennom Facebook når vi ut med informasjon om bedrifta til mange vi elles ikkje hadde nådd, fortel Berge.

Ho trur det å følgje med i tida og syte for at både utstyr og tilsette held høgt nivå, er sjølve nøkkelen for at Ryfoss Betong skal halde nye seksti år.