Reportasje

Vestruta i Jotunheimen

Vi kan ikkje snu, vi tør ikkje gå til toppen, og vi ser om lag fem meter framfor oss over breen vi lyt krysse. Draumen om høge toppar og bratt skikøyring i Jotunheimen er bytt ut med nervøs skrensing i sniglefart.

– Eg tek ei økt fremst. Det er trass alt ikkje så farleg om eg bryt av eit bein eller to, hunden kan lufte seg sjølv, seier Åsmund. Vi andre ler nervøst og slepper han fremst i gruppa, singel som han er.

Ikkje det at vi trur han kjem til å bryte av eit bein. Men ingen av oss er særleg interessert i å køyre i front. Sjølv om GPS syner trygt terreng akkurat her, er vi trass alt 2000 meter over havet i eit område vi aldri har vore før. Vi skulle kanskje ha halde oss nede i dalen denne dagen? 

Ny vri, klassisk rute

Det har vorte ein trend dei siste åra å gå høgt i fjellet på vinterstid. Nordmenn reiser i flokk ned til Alpane for å gå «Haute route» kvar vinter, mens «Høgruta i Jotunheimen» på få år har vorte ein klassikar.

«Kvifor gjere som alle andre når vi har minst like fine utfordringar i vår del av Jotunheimen»!?

Hallgrim Rogn (31)

Etter fem år i "byen" som skribent for Den Norske Turistforening (DNT) flytta Hallgrim hjem til Vang i 2013. Ved siden av å gå på ski og hogge ved, jobber han for Innovangsjon med base på kontorfellesskapet 1724.

Høgruter

Fleire fjellområde i Noreg byr på kombinasjonen av solid hyttenett og fine skifjell.

#1 Høgruta i Jotunheimen

Fem dagar på ski hjennom Jotunheimen frå Gjendesheim til Sognefjellet med toppturar som Glittertinden og Galdhøpiggen langs ruta, 

Ideen kom opp eit par månader tidlegare under den kreative fasen av turplanlegginga. Ideen slo raskt rot, og resten av planlegginga vart plankekøyring av det artige slaget. 

Ruta i seg sjølv er klassisk nok, det er trass alt snakk om Jotunheimen. Eidsbugarden – Olavsbu – Leirvassbu – Skogadalsbøen – Eidsbugarden. Men kvista løyper i botnen av dalen er bytte ut med høge tindar og bratt skikøyring.

Kvifor gjere som alle andre når vi har minst like fine utfordringar i vår del av Jotunheimen

Mjølkedalstinden (2137 moh.), Midtre Høgvagletindane (2066 moh.), Søre Smørstabbtindan (2033 moh.) og Uranostinden (2157 moh.). Eit flott fjell kvar dag og fleire tusen høgdemeter skikøyring til saman.

Stas! Noko å skrive heim om. Men når kalendrar frå Sveits, Tromsø, Oslo, Øystre Slidre og Vang skal kombinerast, er på lag turdatoane spikra. Og høge fjell djupt inne i Jotunheimen er ikkje berre enkelt å kombinere med vind, tåke og snøvêr.

Godt med GPS

– Ikkje den villaste skikøyringa eg har vore med på, kommenterer Fabian tørt mens han plogar i sporet bak Åsmund.

Han i front har auga klistra på GPS-en, samstundes som han gjer sitt beste for å halde farten låg. Alle konturar er borte, og vi er heilt prisgitt Åsmund og GPS-en for å finne vegen ned att frå Midtre Høgvagletindane (2066 moh.) til Leirvassbu.

Ikkje akkurat dette eg tok turen frå Sveits for å oppleve,

Før på dagen har vi gått frå Olavsbu i greitt vêr, og etter ein solgløtt i matpausen midt på dagen bestemte vi oss for å prøve på toppen. Noko alle angrar i større eller mindre grad no. Men heldigvis, brått er vi under skydekket. Sjølv om lyset framleis er padde flatt, får vi ei grei reise med mykje nysnø ned til Leirvassbu.

– Ikkje akkurat dette eg tok turen frå Sveits for å oppleve, men like fullt ein dag eg ikkje gløymer med det aller fyrste, slår Fabian fast idet vi alle sig ned i kvar vår stol med kvar vår øl i peisestova på Leirvassbu. 

Høgruter

Fleire fjellområde i Noreg byr på kombinasjonen av solid hyttenett og fine skifjell.

#2 Hjørundfjorden rundt

Rundt Hjørundfjorden i hjartet av Sunnmørsalpane går ei sjudagars toppturrute med fjordutsyn og skifjell i verdsklasse, 

Høgruter

Fleire fjellområde i Noreg byr på kombinasjonen av solid hyttenett og fine skifjell.

#3 Smeddalen Haute Route

Den lokale minivarianten av ei høgrute med moglegheit for fleire toppar og særs god skiklyring på tur rundt Smeddalen.

Gjer det igjen

Det vart mykje labbing i nysnø langs merkte ruter på oss resten av turen. Fint nok det. Nokre slake og trygge nedkøyringar vart det også. Og kveldar med kortspel, prat, fyr i omnen og med den gode kjensla som set seg i kroppen etter ein lang dag ute.

Du veit, vi skal jo ture i desse fjella resten av livet

– Du veit, vi skal jo ture i desse fjella resten av livet, det er ikkje slik at dei vert borte til neste vinter. Brått er vi pensjonistar alle mann og kan gå på tur når sola er varm og snøen trygg, slår Rune noko humoristisk fast idet vi får Eidsbugarden framfor skiene att.

Heldigvis har han heilt rett. Det er ingen hast. Bratt skikøyring krev trygge forhold, og turlivet er same kva alltid godt. Også dei gongene ein lyt vabbe i laussnø i staden for å køyre i han.

Vestruta i Jotunheimen

Dag 1: Eidsbugarden - Olavsbu                                                                                                              

Distanse: ca 8 km
Tidsbruk: 6-8 timar inkludert toppen
Topp: Mjølkedalstinden (2137 moh)

Dag 2: Olavsbu - Leirvassbu

Distanse: ca 8 km
Tidsbruk: 6-8 timar inkludert toppen
Topp: Midtre Høgvagltinden (2066 moh)

Dag 3: Leirvassbu - Skogadalsbøen

Distanse: ca 8 km
Tidsbruk: 6-8 timar inkludert toppen
Topp: Søre Smørstabbtindan (2033 moh)

Dag 4: Skogadalsbøen - Eidsbugarden

Distanse: ca 8 km
Tidsbruk: 6-8 timar inkludert toppen
Topp: Uranostinden (2157 moh) 

 

Høgruter

Fleire fjellområde i Noreg byr på kombinasjonen av solid hyttenett og fine skifjell.

#4 Tinderuta i Jotunheimen

Ein noko lenger variant enn Vestruta med start på Eidsbugarden og avslutning i Hjelledalen.