Bedrift: Alle gode ting er tre

  Alle bedrifter
Om bedrifta

Vi er ei lita snekkerbedrift i Øye, i Vang i Valdres som produserer innredning til hus og hytte i heiltre.    

 

Produkta våre er hovudsakleg kjøkkeninnredning, baderomsinnredning og senger, bord, stolar og garderobeløysingar. I tillegg leverer vi kvitevarer og oppvaskkummar/servantar.

 

Dersom du er ute etter noko som ikkje alle andre har, eller ikkje vil ha det som du finn i dei vanlegaste møbelbutikkane, er vi det rette valet for deg. Du kan i stor grad sjølv velge korleis ditt produkt skal vere ved at vi teiknar etter dine ynskjer eller at du sjølv teiknar ditt eige forslag.  Treng du hjelp til å finne ut kva du ynskjer eller kan få til i di hytte eller ditt hus, kan vi hjelpe deg med det og komme med forslag til løysingar.

 

Overflatebehandlinga vår er også i stor grad opp til deg som kunde. Vi strekker oss langt for at resultatet skal bli nettopp etter din smak og dine ynskjer.  Vi brukar hovudsakleg olje som behandling på trekvite flater, og elles maler vi i valgfri farge. Vi aldringsmaler, dvs. sliper slitasje, patinerer og voksar slik at reultatet blir gamalt og også lasering eller dekorering av produkta med roser/motiv eller skrift er noko av det vi vil framheve ved oss.

 

Vi er glad i gamle hus, og vi forhandlar Rønnerholmskjøkkenet som blir laga slik gamle kjøkken sist på 1800- og først på 1900-talet vart laga, i panel! Desse kjøkkena kan leverast ubehandla eller grunna med linoljemaling fra fabrikk, eller vi maler det i den fargen du ynskjer i vårt verksted. 

I tillegg lager vi kjøkken i gamal stil, gjerne ut i fra eldre eksisterande skap, skrog eller fronter.

 

Elles tek vi på oss opp-pussing av møbler og også innvendig maling/overflatebehandling av vegger, dører og listverk, og allereie montert innredning. Restaurering av gamle ting, er også noko vi etter kvart har fått erfaring med. Kopiering av lister og anna som manglar, finne fram til fargar og maling med linoljemaling er noko av det vi kan tilby.

 

Vi ynskjer deg velkommen som kunde!

Adresse:
Alle gode ting er tre
Øyevegen 121
2977, Øye

Kontaktperson:
Lill-Helen Måren Stende
Send e-post
Mobil: 48095948

Heimeside:
Klikk her

Sosiale medier:

Fleire bedrifter i denne kategorien

Mjøsvang Eiendom AS
Ingrids Hyttegrend AS
Vært o merkji DA
Helge Remmen