Bedrift: Vang fjellstyre

  Alle bedrifter
Om bedrifta

I Noreg er det 94 fjellstyrer som forvaltar statseigedom, såkalla statsallmenningar, etter Fjelloven. Norges Fjellstyresamband (NFS) er ein interesseorganisasjon for fjellstyra.

Fjellstyra skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og "lunnende" (herligheiter) i statsallmenningane. Fjellstyrets primæroppgåver er å administrere bruksrettane dei bruksberettiga imellom, ta vare på deira interesser i allmenningane og syte for at statsallmenningane blir brukt på ein best mogleg måte for allmenningsbygdene. Forvaltninga skal skje på ein måte som tek omsyn til naturvern- og friluftsinteressene, og fremje næringslivet i bygda. Statskog administrerer grunneigarrettigheitene i statsallmenningane.

I statsallmenningane har alle i Norge lik rett til stongfiske og småviltjakt utan hund. Utover dette er det opp til fjellstyra å regulere jakt og fiske. I Vang er det 100.000 daa (dekar) høgfjellsområde innlemma i statsallmenningane. For meir konkrete fakta om jakt- og fisketilbod i Vang:

www.inatur.no/Vangfjellstyre

www.fjellstyra.no

Adresse:
Vang fjellstyre
2975 VANG I VALDRES

Kontaktperson:
Jon Lerhol
Send e-post
Mobil: 94892957

Heimeside:
Klikk her

Fleire bedrifter i denne kategorien

Magisk Hage
Vang Bunadssaum
Sørre Hemsing Arne Nefstad
Landskapsarkitekt MNLA Ingrid Skavhaug