Gründer– og næringsstøtte

Cathrine Dokken og Christine Støa Stokkebryn er to gründarar som har valt Vang. Foto: Cathrine Dokken.

Gründer– og næringsstøtte

Næringsstipend, næringsfond og næringsutviklar er på plass for å hjelpe bedrifter og enkeltpersonforetak opp og fram.

Vang har lange tradisjonar innanfor jordbruk, handverk og reiseliv – med mange solide bedriftar og spenstige satsingar dei siste åra. I tillegg satsar ein knallhardt på teknologi og kultur i gründerkommunen Vang. 

Fyrst av alt - har du ein ide, dårleg eller god, ta kontakt med næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon. Han hjelper nye bedrifter i gang eller eksisterande bedrifter med utvikling. Ved sidan av råd og rettleiing om bedrift og søknader har han og eit stort og godt kontaktnett mot Valdres Næringshage, Innovasjon Norge, Valdres Natur og Kulturpark, Vang kommune og eksisterande næringsliv i både Vang og Valdres. 

Næringsstipend

Vinteren 2015 oppretta Vang kommune eit eige næringsstipend på 10.000 kroner til gründarar i bygda.  I det du startar opp bedrift, ta gjerne kontakt med Dag Inge før du sender søknaden. Kanskje kan ein saman finne fleire stader å søkje om støtte.

Elles gjeld dette: 

  • Søkjar lyt vera folkeregistrert i Vang kommune.
  • Det lyt leggjast ved dokumentasjon på at føretaket er starta opp.
  • Det vert kun utbetalt stipend til fyrstegongsoppstart av næringsverksemd.
  • Formannskapet behandlar søknader om tilskot. Rådmannen har fullmakt til å vurdere om vilkår for utbetaling av tilskot ligg føre.

Her finn du søknadsskjema for næringsstipendet.  Saksframlegg og vedtak frå kommunestyret, ligg her

Næringsfond

Frå januar 2016 er eit næringsfond på ein million årleg verksamt for bedrifter i Vang. Har bedrifta planer som går ut over drift og vedlikehald er det mest truleg lurt å stille ein søknad til fondet. Ein kan søkje fortløpande, og formannskapet i Vang tek stilling til søknaden. Eit viktig moment er at søknaden skal drøftast med næringsutviklar i Innovangsjon før han vert sendt til formannskapet, samt at ein lyt søkje før ein set i gang prosjektet. 

Med andre ord - ta kontakt med Dag Inge og kom i gang med søknaden.

Relevante dokument:

Kontorplassar og næringsareal

I Vang er det tre kontorfellesskap med kvar sin profil.  I Ryfoss ligg «Føsse fotostudio» der design og foto står i sentrum. Synshagen næringspark har IT, byggjefirma, elektrofirma, landskapsarkitekt, rekneskapskontor og entrepenørar i sine rekker. På Kontorfellesskapet 1724 finn du små og større kultur– og teknologi–bedrifter.

Det er elles mykje regulert næringsareal i heile kommunen -  ta kontakt med næringsutviklar Dag Inge om du ser etter plass til deg og di bedrift.

Kontaktpersonar

Dag Inge Bruflot
Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Send e-post