Autorisert rekneskapsførar

Autorisert rekneskapsførar

Økonomiservice AS er av dei større sjølvstendige rekneskapsførarselskapa i landet med kontor i Lærdal, Årdal, Sogndal og Vang. Verksemda har i dag 23 tilsette og solid økonomi. 

Vi har eit spanande miljø med fokus på utvikling og vekst.

Føring av rekneskap samt rådgjeving for alle typar næringar er vår hovedvirksomhet, men vår bransje er i endring og vi ønsker å ligge i forkant med å tilby framtidsretta systemløysingar, tenester og rådgjeving for våre kunder.

Vi nyttar rekneskapssystema Visma Business og Duett med tilhøyrande nettbaserte program, saman med Visma Lønn, Finale Årsoppgjer og Avstemming samt Cantor Controller Rapportering, Power Office og Visma Dokumentsenter.


Sjå nærare info på www.økonomiservice.as

Vi har ledig stilling for:

Autorisert rekneskapsførar ved vårt kontor i VANG

Vi søker etter deg som er sjølvstendig, strukturert og trives med ansvar for eigen kundeportefølje, kan kommunisere godt med dine kunder og vere sosial og positiv. Har høg arbeidskapasitet og motiveres av personlig og faglig utvikling i fellesskap med dyktige kolleger.

Stillinga inneber oppdragsansvar, rekneskapsføring, avstemming, lønnsbehandling, årsoppgjer og rådgjeving for små og mellomstore verksemder.
Samt rapportering, oppfølgjing og dagleg kontakt med eigen kundeportefølje.

Formell utdanning som grunnlag kan saman med praksis hos oss gje autorisasjon som rekneskapsførar.

Vi kan tilby ein spanande og utfordrande jobb i ei verksemd i framtidsretta utvikling, vekst, godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige betingelser.

Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar.

For nærare opplysing om stillinga, ta kontakt med:

Dagleg leiar Jostein Bugjerde på telefon 40421063 e-post jostein@oks-as.no

Søknad på stillinga saman med CV kan sendast på e-post innan 10.juli 2018.

Tilsetjing skjer fortløpande.

Sjå alle ledige jobbar i Vang akkurat no.

OPNE ANNONSE