Driftsleiar vatn og avløp / Driftsoperatør

Driftsleiar vatn og avløp / Driftsoperatør

Vang kommune har frå 1.september 2018 ledig 100 % fast stilling som driftsleiar vatn og avløp.

Ved ei eventuell intern tilsetjing kan det bli ledig 100 % fast stilling som driftsoperatør og me oppmodar derfor aktuelle driftsoperatørar til å søkje på denne stillinga. Til ei slik stilling vil arbeidsoppgåvene under «leiing» falle bort, medan kvalifikasjonskrava er tilnærma dei same.

Generelt

Vang kommune har 4 avløpsanlegg og 7 vassverk med tilhøyrande leidningsnett og pumpestasjonar som betener fritidsbustader, faste bustader, næring og kommunale bygg som skule og barnehage. Dei siste åra har kommunen investert betydelege beløp i nye anlegg og
byggeaktiviteten vil være stor også i dei kommande åra. Kommunen nyttar digitale løysningar innanfor GIS, driftovervåkning, avviksrapportering og internkontroll. Det er 3 driftsoperatørar inklusiv driftsleiaren, samt ein avdelingsingeniør vatn og avløp som jobbar innanfor fagfeltet. Driftsleiaren har oppmøte saman med driftsoperatørane og rapporterar til avdelingsingeniør vatn og avløp.

Arbeidsoppgåver

Leiing

  • Planlegging og gjennomføring av drift og vedlikehaldsoppgåver på vatn og avløpsanlegg
  •  Planlegging og gjennomføring av mindre investeringsprosjekt innanfor vatn og avløp.
  • Oppfølging og utvikling av kommunens internkontrollsystem innan fagfeltet.
  • Bidra til å optimalisera eksisterande vatn og avløpsanlegg.
  • Delta på møter og aktivitetar i forbindelse med nybygg og større investeringar.

Drift og vedlikehald av anlegg for vatn og avlaup

  • Delta i den daglige drifta saman med dei andre driftsoperatørane
  • Delta i den til ei kvar tid gjeldande vaktordninga
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
  • God kunnskap om leidningsnett, vassverk og avløpsanlegg.
  • Relevant fagbrev og praksis innan driftsoperatørfaget, driftsoperatørkurs er ein fordel.
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy er nødvendig.
  • Gode samarbeidsevner, og evner til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
  • Dersom den som blir tilsett ikkje har godkjent utdanning som driftsoperatør, må vedkomande vera villig til å ta kurs for driftsoperatørar. Dette består av ei praksisperiode på 1 til 2 år og ei
    kursperiode på 3. uker per kurs fordelt over 3 månadar.
Me tilbyr
  • Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid ordning
  • Lønn etter avtale
  • Kommunen har personalbustadar for leige
  • Tilsetjing skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Nærare opplysningar om stilling får de ved å ta kontakt med avdelingsingeniør Halvor Eggen Pettersen på tlf. 61 36 94 80 eller teknisk sjef Terje Hålien på tlf. 61 36 94 71

Søknad og CV/attestar merka arkivsak nr. 18/417 sendast elektronisk via heimesida www.vang.kommune.no

Søknadsfrist: Søndag 14.juli 2018

Sjå alle ledige jobbar i Vang akkurat no.

OPNE ANNONSE