Energiingeniør

Energiingeniør

Fast stilling som energiingeniør ved Vang Energiverk KF (Vang Energiverk søkjer også energimontør)

Vang Energiverk KF er eit Nett- og produksjonsselskap i Vang Kommune i Valdres. Vi er og lokal kraftleverandør ved selskapet JotunKraft AS. Energiverket og kraftselskapet har god økonomi. Vi er til saman 15 tilsette.

Energibransjen er kompleks og set høge krav til kompetanse, tekniske løysningar, IT og omstillingsevne. Vang Energiverk KF søkjer energiingeniør. Stillinga vil ha ein sentral rolle i organisasjonen og vil bli pålagt oppgåver både av teknisk og merkantil art etter behov.

Vi ynskjer ein person som er sjølvstendig, fleksibel og samarbeidsvillig. Stillinga opnar for deltaking i den vidare utviklinga av selskapet.

ARBEIDSOPPGÅVER
  • Ansvar for straummålarar, målarverdiar og balanseavrekning.
  • Planlegging, rapportering og oppfølging av energiverkets tilsynsaktivitetar, inkl. DLE.
  • Aktiv rolle i beredskapsorganisasjonen (KBO).
  • Deltaking ved drift og utvikling av IT-verktøy for produksjon, nettdrift og administrasjon.
  • Må tiltre vaktordning.  
  • Andre arbeidsoppgåver må påreknast, og stillinga har stor grad av fleksibilitet og sjølvstyre.
KVALIFIKASJONSKRAV
  • Minimum teknisk fagskole elkraft eller tilsvarande.
  • Gode kunnskapar om IT og dataverktøy.
  • Flytende munnleg og skriftleg norsk, samt gode engelskkunnskapar.
  • Sertifikat kl. B
LØNS- OG ARBEIDSVILKÅR
  • Lønn etter kvalifikasjonar og avtale.
  • Tilsettingsvilkår etter Energiavtalen.
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • Tilsettingsdato etter avtale.

Spørsmål til stillinga kan stillast til:
Tor Masdal 613 67562 eller 95 21 83 02
Nils Arne Skeie 613 67561 eller 90 84 88 76

Sjå også vår nettside: www.vangenergi.no

SØKNADSFRIST: 25. mai 2017

Søknad med CV sendes: E-post til: epost@vangenergi.no Post til: Vang Energiverk KF 2975 Vang i Valdres

OPNE ANNONSE