Energimontør

Energimontør

Vang Energiverk KF søkjer etter: ENERGIMONTØR (Vang Energiverk KF søkjer også etter Energiingeniør)

Vang Energiverk KF er eit Nett- og produksjonsselskap i Vang Kommune i Valdres. Vi er og lokal kraftleverandør ved selskapet JotunKraft AS. Energiverket og kraftselskapet har god økonomi. Vi er til saman 15 tilsette. Energibransjen er kompleks og set høge krav til kompetanse, tekniske løysningar og omstillingsevne.

ENERGIMONTØR FAST STILLING MED OPPSTART ETTER AVTALE

ARBEIDSOPPGÅVER
  • Bygging, drift og vedlikehald av nettanlegg for lågspenning: 0,23 / 0,4/1 kV og høgspenning: 22kV.
  • Deltaking på drift og vedlikehald av produksjon i Eidsfoss kraftstasjon.
  • Høve til AUS-arbeid kl.1 og kl.2.
  • Høve til tele-/fiberarbeid etter behov.
  • Må tiltre vaktordning.
KVALIFIKASJONSKRAV
  • Fagbrev som energimontør.
  • Førarkort kl. B.
  • Vi ynskjer at du er engasjert, positiv, initiativrik og samarbeidsvillig.
Løns- og arbeidsvilkår
  • Lønn etter kvalifikasjonar og avtale.
  • Tilsettingsvilkår etter Energiavtalen.
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • Arbeidsstad: Vang i Valdres

Spørsmål til stillinga kan stillast til:

Dag Bakkum 613 67560 eller 91 69 07 61
Nils Arne Skeie 613 67561 eller 90 84 88 76
Tor Masdal 613 67562 eller 95 21 83 02

Sjå også vår nettside: www.vangenergi.no

SØKNADSFRIST: 25. mai 2017

Send søknad med CV på e-post til: epost@vangenergi.no Eller pr. post til: Vang Energiverk KF Tyinvegen 4861 2975 Vang i Valdres

OPNE ANNONSE