Frist utløpt

Frå 01.02.17 har Vang kommune ledig fast 100 % stilling som etatssjef for oppvekst, kultur og integrering.

Etatssjefen rapporterer til rådmannen og er ein del av rådmannen si leiargruppe. Leiargruppa arbeidar i fellesskap med mål og utvikling for heile kommunen. Me søkjer derfor etter ein person med gode samarbeidsevner og positiv innstilling til den samla kommunale verksemda. 

Ansvarsområde for etatssjefen vil vere:
- Barnehage
- Grunnskule og vaksenopplæring
- Kultur
- Integrering
- Frivilligsentral
- Koordineringsrolle innan miljøspørsmål

Det kan bli endringar i ansvarsområde for stillinga.

Kvalifikasjonar:
Me ynskjer at du som søkjer har;
- Leiarutdanning og erfaring som er relevant for stillinga
- Pedagogisk kompetanse
- Forvaltningskompetanse
- Vilje og evne til å vera ein tydeleg og samlande etatssjef
- Gode evner til samarbeid, kommunikasjon og gjennomføring
- Engasjement innanfor dei ulike felta og evne til å motivere andre
- Me vil legge sterk vekt på at du er eigna for stillinga.

Vang kommune nyttar nynorsk som målform. Innehavar av stillinga må disponera bil.

Me tilbyr:
Triveleg arbeidsmiljø, spennande utfordringar, og stor variasjon i arbeidsoppgåver.
Løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Kommunal bustad om ynskjeleg, og flyttegodtgjersle etter reglement.

Nærare opplysning om stillinga får du ved å ringe rådmann Reidar Thune på telefon 613 69 412 / 913 15 147, eller personalkonsulent Solfrid Jordalen på telefon: 613 69 418.

Søknad og CV/attestar  merka arkivsak nr 16/829 sendast elektronisk via heimesida vår www.vang.kommune.no eller i post til Vang kommune, rådmannskontoret, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres.

Søknadsfrist 23. oktober 2016

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Hero Norge søker informasjonskonsulent til asylmottak i Vang

Vang Mottakssenter
Søknadsfrist: 18. apr 2024
Les mer om stillingen Hero Norge søker informasjonskonsulent til asylmottak i Vang

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Vang kommune
Søknadsfrist: 21. apr 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24