Fastlege (90% vikariat)

Fastlege (90% vikariat)

Vang kommune har ledig eit svangerskapsvikariat for lege i 90 % stilling i perioda 18.09.18 til august 2019.

Til stillinga ligg kurativ teneste med listeansvar for inntil 600 pasientar (for tida om lag 430). Til stillinga høyrer ansvar som helsestasjons- og skulelege, samt sjukeheimslege.

Legekontoret har moderne og velutstyrte lokale i Vang sentrum, med erfarne og stabile medarbeidarar. All helseteneste utanom pleie og omsorg er lokalisert i same bygning med gode samarbeidstilhøve. Det er 2,8 stillingar/heimlar for fastlege. Kommunen har om lag 1600 innbyggjarar + asylmottak på inntil 200 plassar.

I stillinga inngår det 18-delt tilstedevakt i interkommunal legevaktsentral, lokalisert på Fagernes.

Kvalifikasjonskrav:
  • Lege med norsk autorisasjon og fullført norsk turnusteneste/tilsvarande erfaring.
  • Gjerne spesialist innan allmennmedisin, eller under utdanning til dette
  • Gode norskkunnskapar skriftlig og munnleg
  • Eigenskapar som faglig interesse, sjølvstende og gode samarbeidsevner
  • Førarkort for bil, og må kunne disponere bil
  • Personlig eignaheit vert vektlagt

Gode lønstilhøve med fast løn pluss bonus av pasientinntektene. Kommunen vil hjelpe til med å skaffe bustad. Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Stillinga krev gyldig politiattest.

Nærare opplysningar kan du få frå kommuneoverlege Marit Tuv på telefon 975 66 647.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Søknad skal merkast med arkivsak nr. 18/523.
Utfylt søknadsskjema frå legeforeningen med attestert dokumentasjon og referansar skal leggjast ved søknaden.

Søknadsfrist: Søndag 26.august 2018

OPNE ANNONSE