Gründerplass på Kontorfellesskapet 1724

Gründerplass på Kontorfellesskapet 1724

Kreativt miljø og kunnskapsrike folk innan fleire bransjar er stikkord for gründer-tilbodet på Kontorfellsskapet 1724 i Vang sentrum. Er du i startgropa med bedrift stiller heile miljøet her opp for deg. 

Du får totalt 30 dagar gratis kontorleige over ein periode på inntil 3 månader, og tilgang på kompetanse om søknadar, marknadsføring, rekneskap og anna som omhandlar det å gå frå ide til å drive butikk. Næringsutviklar i Innovangsjon er også sjølvsagt på plass og hjelper til med smått og stort.

Tilbodet gjeld alle, om du nyleg har fått Vang som kommune, er fastbuande eller tilflyttar. Nytilflytta og arbeidssøkende har same tilbod som Gründer/startup.

Vi trur miljøet på 1724 vil vera til hjelp for deg som er ny i kommunen til å bli betre kjent med bedrifter og dei moglegheitene det kan gje.

Også i næringsparken på Synshagen er det høve for å leige kontorplass.

Kontakt dag@outtt.com for å melde interesse.

OPNE ANNONSE