Frist utløpt

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang?

Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedøme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Vi har ca. 1600 innbyggarar og eit godt song- og musikkliv med to korps og to kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid.

Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer, ei økumenisk fjellkyrkje.

Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, trusopplærarar, kyrkjetenarar, klokkarar, reinhaldarar kyrkjegardsarbeidar og snart kantor.
Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, og godt arbeidsfellesskap.

Det er ledig stilling som kantor i 80 - inntil 100 % stilling frå 01.01.2019

Stillinga kan gjerne kombinerast med ca. 18,85 % i Vang kommune, med oppgåver som dirigent for blandakor og akkompagnement på songtime med eldre, og vi oppmodar om å søkje på begge stillingane.

Arbeidsoppgåver for kyrkja er m.a.:

  • Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Delta som kyrkjemusikalsk ressurs i trusopplæringsarbeidet
  • Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandakter, korarbeid o.l.
  • Oppgåver tilpassa søkjar

Kvalifikasjonar:

Kyrkjemusikalsk kompetanse i samsvar med §3 i Kyrkjemøtet sitt «Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorar». Kantoren går inn i eit nært samarbeid med soknepresten og den staben elles. Vi ønsker oss ein kantor som kan inspirere til song- og kyrkjemusikalsk aktivitet i kyrkjelydane. Vi legg vekt på evne og vilje til å samarbeide, til å ta initiativ og til å arbeide sjølvstendig. I tillegg legg vi vekt på musikalske kvalifikasjonar og at du vil passe godt i staben vår. Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja. Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og ev. prøvespel. Du treng å disponere eigen bil i jobben.

Tilsetting skjer på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:  kyrkjeverje Guro Hovda, tlf. 61 36 95 90 eller mobil 412 65 178 eller  sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland, mobil 926 53 320.

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast til: Vang kyrkjelege fellesråd, Tyinvegen 5161, 2975 VANG I VALDRES, innan 10. august 2018

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Vang kommune
Søknadsfrist: 21. apr 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24