Personalkonsulent - vikariat

Personalkonsulent - vikariat

Frå oktober 2018 har Vang kommune ledig 100 % vikariat som personalkonsulent for ca 1 år. Stillinga er ein del av rådmannen sin stab.

Arbeidsoppgåver er i hovudsak
  • Sakshandsaming
  • Rådgjeving
  • Rekruttering og tilsetjing
  • Tariffoppgjer og forhandlingar
  • HMS- og IA-arbeid
  • Internkontroll
  • Utviklingsarbeid
Det er ynskjeleg at søkjarar har
  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Relevant praksis
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk for kommunal sektor
  • God evne til samarbeid
  • Gode datakunnskapar
  • God skriftlig og munnleg formuleringevne

Personleg egnaheit vil bli vektlagt.

Me tilbyr godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, god forsikrings- og pensjonsordning, fleksibel arbeidstid og hjelp til å skaffe bustad.

Som personalsystem brukar me Visma Enterprise HRM og Acos til saksbehandling. Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ringe rådmann Reidar Thune på telefon 61 36 94 12 eller personalkonsulent Solfrid Jordalen på telefon 61 36 94 18.

Søknad med attestar og vitnemål merka arkivsak nr. 18/362 sendast elektronisk via heimesida  www.vang.kommune.no

Søknadsfrist: Fredag 22.juni 2018

OPNE ANNONSE