Rådgjevar ved Etat for Helse – og omsorg

Rådgjevar ved Etat for Helse – og omsorg

Vang kommune har frå 1.januar 2019 ledig 100 % fast stilling som rådgjevar ved Etat for Helse – og omsorg. Stillinga er direkte underlagt etatsjef Helse – og omsorg.

Overordna arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming av tildeling av tenestar innanfor IHT, og kartleggingsarbeid
  • Systemansvarleg Profil
  • Systemansvarleg Ressursstyring
  • Personal – og økonomiansvar for merkantil stab ved Helse – og omsorgsetaten
  • Ansvar for, og deltaking i prosjekt, opplæring, og utviklingsarbeid
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonskrav
  • Sjukepleiarutdanning med norsk autorisasjon. Anna relevant 3-årig helse – og sosialfaglig høgare utdanning kan vurderast
  • God kompetanse i, og erfaring med saksbehandling
  • God kunnskap om gjeldande lov – og regelverk innanfor helse – og omsorg, og turnusarbeid
  • Interesse for, og kunnskapar om fagsystem, spesielt Profil og Ressursstyring
  • Erfaring frå kommunal pleie – og omsorgsteneste
  • Gode samarbeidsevner, og evner til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort og disponera bil
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
  • Stillinga krev politiattest.
Me tilbyr
  • Triveleg arbeidsmiljø, spennande utfordringar, og stor variasjon i arbeidsoppgåver. Gode forsikrings – og pensjonsordningar.
  • Løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Vang kommune nyttar
  • nynorsk som målform.
  • Kommunen har personalbustader for leige.

Nærare opplysning om stillinga får du ved å ringe Helse – og omsorgssjef Guro Råheim Kvam på telefon 61 36 95 33/ 99 09 11 87. Søknad og CV/attestar merka arkivsak nr. 18/409 sendast elektronisk via heimesida  www.vang.kommune.no

Søknadsfrist: Søndag 1.juli 2018

Sjå alle ledige jobbar i Vang akkurat no.

OPNE ANNONSE