Stillingar i miljøtenesta (10 stk)

Stillingar i miljøtenesta (10 stk)

Det er for tida fleire stillingar ledig i miljøtenesta i Vang.

Lund arbeids – og aktivitetssenter

50 % fast stilling som miljøarbeidar. Søkjarar med helsefagarbeidarutdanning vil bli prioritert. Krav om gode norskkunnskapar, gode samarbeidsevner, fleksibilitet, praktiske evner, og førarkort kl. B. Ynskjelig med førarkort for traktor (T) og bil med hengar (BE). Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Menn vert oppmoda til å søke. Stillinga kan eventuelt kombinerast med anna stilling i kommunen.

Tilkallingsvikarar. Same kvalifikasjonar som over, men ikkje krav om fagbrev.

Bakkehaugen

100 % fast stilling som miljøterapeut. Relevant bachelorutdanning innan helse – og sosialfag er eit krav, fortrinnsvis vernepleiar. Stillinga har todelt turnus med 4 arbeidshelger på 12 veker. 10 års lønsansiennitet ved oppstart.

78,31 % vikariat kvilande natt, omrekna til 45,13 % lønsprosent. Fortrinnsvis helsefagarbeidar.

Grindatun

95,93 % fast stilling for helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar.
20,48 % fast helgestilling
19,84 % fast helgestilling
12,83 % fast helgestilling
13,69 % fast helgestilling ved avlastning
Helgestillingar er fortrinnsvis for helsefagarbeidarar, men ufaglærte kan også søkje.

Vikarar i BPA ordning
Støttekontakt: 4 timar i veka på kveldstid. Ynskjeleg med jente/ungdom.

Sjå også ledige stillingar på korttid/heimetenesta og på langtid/Vangsheimen.

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon ved stillingar som krev helseutdanning.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis
  • Førarkort, og kan disponera eigen bil v/behov
  • Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
  • Snarleg tiltreding vil vere ynskjelig
  • Personlige eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Felles for stillingane
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
  • Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.

Meir informasjon om stillingane kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling.

Korttid/Heimeteneste: Veronica tlf. 61 36 95 40
Miljøtenesta: Elisabeth tlf. 61 36 95 50
Langtid: Joanke tlf. 61 36 95 34

Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding avstilling. Ved intern tilsetjing blir eventuelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.

Søknad med CV, attestar og vitnemål merka med saknr 18/335 sendast elektronisk gjennom heimesida vår www.vang.kommune.no.

Søknadsfrist: Søndag 03.juni 2018

OPNE ANNONSE