Bustad til sals: Næringslokale og leilegheit i Ryfoss

  Oversikt
  • I dette bygget i Ryfoss sentrum er det høve for å leige næringslokale, eller kjøpe heile bygget.
Ryfossvegen 92 A

Midt i Ryfoss sentrum vert det frå sumaren ledig eit næringslokale. Det nyopprusta bygget har vore fotostudio og kontorlokale dei siste åra, men her er høve for både kafedrift, butikk eller anna næringsverksemd. Det er også høve for å kjøpe heile eigedommen for den som ynskjer det. 

– Både næringslokalet og resten av bygget er modernisert for tre år sidan. Det har vore artig med fotostudio i bygget og vi er no opne både for å leige ut lokalet, eller for eit sal av heile eigedommen, seier Odd Magne Grythe i eigarfirmaet Tveitabru bygg.

I Ryfoss er det også treningsstudio, frisør, kafe, matbutikk og bensinstasjon som andre tilbod i sentrum. Her er kort veg til mange og gode naboar, samt at arbeidsmarknaden i mest heile Valdres er i god køyreavstand.

1. etasje: Kontorlokale, fotostudio, møterom, toalett.
2. etasje: To separate leilegheitar med leigetakarar på plass.
Kjellar: Lager

Ta kontakt med Odd Magne i Tveitabru bygg om du er interessert i å leige næringslokalet eller kjøpe eigedommen. (odd.magne@tveitabru.no // 958 88 766)

Båe fotografane, samt Makalaus design, som har halde til i lokalet dei siste åra, held fram med sine foretak. Men heimekontor er ei betre løysing av familiære årsakar.

Harde fakta

Adresse
Ryfossvegen 92 A
2973 Ryfoss

Seljar
Tveitabru eigedom
v/Odd Magne Grythe
E-post: odd.magne@tveitabru.no
TLF: 958 88 766

Nøkkelinfo

  • To leilegheiter m/leigetakarar
  • Næringslokale på grunnplanet
  • Høve for både leige og sal
  • Midt i Ryfoss sentrum

Fleire bustader til sals

Kvismo, øvreKvismo, 2973 Ryfoss
SynshagenSynshagen, 2975 Vang i Valdres
Fossevang hotell2973 Ryfoss
TveitamoenTveitamoen, 2973 Ryfoss