Pågåande prosjekt

Studengjengen frå NTNU som stod for bygginga av Leikegøta på Hensåsen er samla under opninga.

Pågåande prosjekt

Innovangsjon er til ein kvar tid involvert i fleire prosjekt der vi ser moglegheiter for vekst og utvikling. Det betyr at vi no er i prosjektsamarbeid med miljø i Valdres, på Vestlandet, i Trondheim og i nabodalføra.

Kanskje eit av dei kan vera relevant for det du driv med? Eller brenn du inne med ein god nærings- eller bygdeutviklingside som kan realiserast i lag med Innovangsjon? Dag Inge (daginge@vangivaldres.no) og Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no) er til ein kvar tid tilgjengelige for ein prat. 

Høge Sprang

I samarbeid med Ål kommune jobbar Innovangsjon for å styrke dei kreative næringane i Hallingdal og Valdres. Alt frå arrangementstøtte og marknadsføring til konkurransar og kompetanseheving kan vera felt for prosjektet.

Særleg interessant er teknologibedrifter i eit av dalføra med mogleg marknad i det andre.

Prosjektet har ingen fasit på kva som skal til for å styrkje dei kreative næringane i båe dalføra. Ta gjerne kontakt med Innovangsjon eller prosjektleiar om du har gode idear til prosjektet.

Ei konkret gulrot her i Vang er at prosjektet finansierar gratis prøveplass på Kontorfellesskapet 1724 om du ynskjer å teste dette som arbeidsplass.

Prosjektleiar: Arve Vannebo - arve@pinn.no

Fjellgründer

Fjellgründer er eit samarbeidsprosjekt mellom 1724 i Vang, BETA i Vågå og Lillehammer og Gudbrandsdal kunnskapspark. Prosjektet består i å utvikle ei traineeordning for studentar som har ein forretningsidé dei ynskjer å sette ut i livet og samtidig vil bu i ein fjellkommune.

Studentane skal ha base på 1724 og BETA og vil få gründererfaring som traineear i ulike bedrifter, tid og rettleiing til å utvikle sine eigne prosjekt og dei vil bli del av eit sosialt nettverk. Altså ei komplett pakke for å få unge menneske med ein gründerdraum til å busette seg i Fjellregionen!

Er du interessert i å teste ut gründerlivet i Vang og samtidig får verdifull erfaring frå ein eller fleire av bedriftene på Kontorfellesskapet 1724 eller Beta? Ta kontakt med Innovangsjon eller prosjektleiar.

Prosjektleiar: Eldrid Sørumgård Botheim - eldrid.botheim@gmail.com

Andre prosjekt
  • 
Saman med kommunane Vestre slidre og Vang driv vi eit treårig prosjekt med mål om busetting på tomme bruk i båe kommunar.
  • Vi er inne i eit fleireårig samarbeidsprosjekt med arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim som mellom anna har resultert i Badstova og Leikegøta. Nytt prosjekt er på gang i 2017, samstundes som NTNU er engasjert i eit forskningsprosjekt knytt til nokre av dei nye husa som vert sett opp i det nye feltet på Hensåsen.
  • Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell driv seg sjølv. Innovangsjon, saman med Lærdal næringsutvikling bidreg med vår kompetanse etter behov for nettverket.
  • Innovangsjon samarbeider også med norsk turistutvikling om «ungdom som fornyelse av reiselivet i fjellområdene».
Kontaktpersonar

Dag Inge Bruflot
Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Send e-post

Hallgrim Rogn
Etter nokre år utanfor skigarden er journalist og sprettball Hallgrim Rogn tilbake i Vang der han no har fått draumejobben som Innovangsjonsminister og kan jobbe fulltid for å gjera Vang til ein attraktiv plass å bu. TLF: 412 22 769

Send e-post