Bustad til leige: Belsheim

  Oversikt
Belsheim, Tørpegardsvegen 284

På garden Belsheim er ei timbre frå 1880 ledig for utleige. Badet er nytt (2009), og huset elles framstår som smakfullt innreia. Saman med eit triveleg tun og ein nydeleg utsikt snakkar vi her om ei verkeleg Vangs-perle.

Her er gang, bad, stove, kjøkken og soverom. Du har tv, internett, oppvaskmaskin og vaskemaskin. På tunet har du tilgang til vedskjul og ombygd fjøs med stor fryser og mykje lagringsplass. 

Det er grillplass på tunet og ca. ti meter å gå til skogkanten og stigstarten. Her er vegen kort til skiløyper, fjellturar og natur, samstundes som du er midt i Vang.

Brøyting er inkludert i leiga, men det er ikkje faste tider på morgonen det vert brøyta. Med ein snau kilometer i gardsveg er det naudsynt å ha firehjulstrekkar. Kommunale avgifter er også inkludert i leiga.

Internett, straum og ved (ferdig tilkøyrt) kjem i tillegg.

Utleigar er fyrst og fremst ute etter ansvarsfulle og rolege leigetakarar som ser etter ein idyllisk plass å bu. Det forventas at leigetakar gjer vanleg kvardagsvedlikehald som snømåking, plenklypping og liknande.

Til slutt: huset har nokre «nykker», men alt sånt får du informasjon om av utleigar.

Harde fakta

Adresse
Tørpegardsvegen 284
2973 Ryfoss

Utleigar
Eli Belsheim
Tlf: 926 94 609
Epost: elibelsheim@hotmail.com

Nøkkelinfo

  • Pris: 5000,–/mnd 
  • Småbruk med utsikt
  • Areal: 40 m2 grunnflate
  • Soverom: 1
  • Brøyting og kom.avgifter inkludert

 

Fleire bustader til leige

Leilegheit i Ryfoss sentrumRyfossvegen, 2973 Ryfoss
Hugasyn hyttegrendLiagardsvegen 590, 2975 Vang i Valdres
Einebustad ved Riste bruHålimoen camping, 2973 Ryfoss
Hytte i KvamsroneTyinvegen 4701, 2975 Vang i Valdres