Bustad til leige: Einebustad ved Riste bru

  Oversikt
Einebustad Hålimoen camping

Ved utløpet av Begna mot Slidrefjorden ligg Hålimoen camping. Her ligg også eit bustadhus der fyrste etasje no er til utleige. 

Her er tre soverom, kjøkken, stor stove, bad og toalett. Huset er bygd på syttitalet og temmelg retro i stilen. Når det er sagt er bustaden særs godt halde ved like og framstår lite slitt. 

Kjellaretasjen av bustaden er toalett, resepsjon og lager for Hålimoen camping. Campingplassen har stort sett faste gjester i campignvogner som er interessert i fisking. I praksis betyr det mykje folk i området juni-august, mens det er særs roleg resten av året.

Om leigetakar er interessert i å passe campingen i periodar kan dette bakast inn i leigeavtalen. 

 

Harde fakta

Adresse
Hålimoen camping
2973 Ryfoss

Utleigar
Terje Hålien
Tlf: 970 85 100

Nøkkelinfo:

  • Areal: ca. 90 m².
  • Leige: Etter avtale
  • Tre soverom.

Fleire bustader til leige

BelsheimTørpegardsvegen 284, 2973 Ryfoss
Leilegheit på 100 kvm. i RyfossRyfoss
Hugasyn hyttegrendLiagardsvegen 590, 2975 Vang i Valdres
Leilegheit i TveitaronTveitaronvegen 11, 2973 RYFOSS