Bustad til leige: Leilegheit i Tveitaron

  Oversikt
Tveitaronvegen 11

Kjapt nett og låge fyringsutgifter er ekstra gode sider ved leilegheiten som er ledig i Tveitaron rett nord for Ryfoss.

Det er snakk om ein kjellarleilegheit på gardstun, tett på idrettsanlegg, fiske-elv og turterreng. Leilegheiten vart pussa opp i 2007 og er sidan da brukt fint.

Her er eigen innngang, kjøkken/stove, gang med kontorplass, eit soverom, to bodar, samt do og bad. Totalt om lag 70 kvm. Det er varmekablar i kjøkken/stove og på badet. Leilegheiten er ferdig innreda bortsett fra TV og vaskemaskin. Utleigar kan hjelpe til med å skaffe dette.

50/50Mbps fibertilkobling, brøyting, kommunale avgifter og normalt vassforbruk er inkludert i leiga. Leigetakar betalar straum og eventuelt TV-abonnement sjølv.

Harde fakta

Adresse
Tveitaronvegen 11
2973 Ryfoss

Utleigar
Håkon Offergaard Jevne
Tlf.: 41 63 11 58
Epost: hakon.jevne@gmail.com

Nøkkelinfo

  • Pris: 4000,–/mnd, pluss straum.
  • Areal: 70 m2
  • 1 soverom
  • Låge utgifter til fyring
  • Kjapt internett via fiber
  • Ferdig møblert

Fleire bustader til leige

Einebustad ved Riste bruHålimoen camping, 2973 Ryfoss
Einebustad Ryfoss vestsideNordabergvegen 107, 2973 Ryfoss
Leilegheit på MjøsvangTyinvegen 5319, 2975 Vang i Valdres
Leilegheit på 100 kvm. i RyfossRyfoss