Bustad til sals: Eldre einebustad i sentrum

  Oversikt
Bøagøta 42

Eldre einebustad med strålande utsyn og omfattande renoveringsbehov til sals i Vang sentrum. Her er alt av servicetilbod like tett innpå som turterrenget.

Bøagøta 42 har vore ubebodd dei siste åra og det er difor ikkje gjort oppgraderingar av særleg grad. Fyrst og fremst trengs det eit bad i huset. 

Stove, kjøkken, spisestove, gang og soverom er på mange måtar stilige rom med autentisk preg og solide detaljar.

Huset inneheld:

1. etasje: gang, toalett, kjøkken, stove, spisestove
2. etasje: gang, soverom, uisolert loftsrom
Uthus med vedbod og utstyrslager.

Ein lyt pårekne boring etter vatn, då noverande vatnløysing er midlertidig. Ein lyt også rekne med å gjere fleire oppgraderingar av huset dei neste åra. 

Tomta er på om kring eit mål og ligg langs Ellingbøvegen/Bøagøta mellom Bøaflaten og sentrum av Vang. 

Harde fakta

Adresse
Bøagøta 42
2975 Vang i Valdres

Seljar
Marit Irene Uglum
E-post: marit.uglum@gmail.com
knutk@bgnett.no
Tlf: 924 27 498

Nøkkelinfo

  • Areal: ca 90 m²
  • Soverom: 1
  • Tomt: ca 1000 m²
  • Sentralt med storslått utsikt

Pris

350.000,–

Fleire bustader til sals

Tyinvegen 4473 – «Neset»Tyinvegen 4473, 2975 Vang i Valdres
Næringslokale og leilegheit i RyfossRyfossvegen 92 A, 2973 Ryfoss
Tomannsbolig på Mjøsvang (1 igjen)Bøaflata 8a, 2975 Vang i Valdres
Einebustad i LundsmarkaEllingbøvegen 185, 2975 Vang i Valdres