Bustad til sals: Tyinvegen 4473 – «Neset»

  Oversikt
Tyinvegen 4473 – «Neset»

Spektakulært utsyn mot Vangsmjøsa og Grindane er det fyrste som møter deg ved «Neset», eit gamalt butikklokale midt i kommunen som no er til sals som bustad.

Det har vore matbutikk i fyrste etasje, og her er det store areal ein kan nytje til soverom og liknande. Dette er fleire år sidan det har vore aktivitetet i bygget, så ein lyt pårekne ein del opprusting. 

No går E-16 forbi huset, men om få år er tunnellen gjennom Kvamskleiva ferdig og då er Neset ei roleg perle på ei tomt du ikkje finn makan til i Vang. Kongevegen over Filefjell har sitt austlege startpunkt her.

Det er seksjonert ut to leilegheiter i bygget som seljast samla til godt under takst. Dette går i kategorien «unik moglegheit» for den som er motivert til å ta i eit tak.

 

Harde fakta

Adresse
Tyinvegen 4473
2975 Vang i Valdres

Seljar
Knut Strand
E-post: ssas2977@gmail.com
TLF: : 909 44 627

Nøkkelinfo

  • Rett ved E-16
  • Startpunkt for Kongevegen over Filefjell
  • Heftig tomt
  • Høve for både bustad og næring

Pris

500.000,–

Fleire bustader til sals

Næringslokale og leilegheit i RyfossRyfossvegen 92 A, 2973 Ryfoss
Einebustad i LundsmarkaEllingbøvegen 185, 2975 Vang i Valdres
Eldre einebustad i sentrumBøagøta 42, 2975 Vang i Valdres
Tomannsbolig på Mjøsvang (1 igjen)Bøaflata 8a, 2975 Vang i Valdres