Hyttebygging i Vang

  Oversikt
Bildetittel: Haustkveld på Vennis i Vang med utsyn mot Grindane (1724 moh.).

Hyttekommunen Vang har heile spekteret av hyttetomter, dyktige handverkarar, samt kommune og næringsliv på tilboddsida for hyttefolket. 

Med ein stadig betre E-16 gjennom kommunen er Vang hyttekommune for store delar av Sør-Noreg. Vestlendingane får dei bratte fjella kombinert med vide vidder og eit stabilt klima. Austlendingane kan velje mellom triveleg stølslandskap og ekte høgfjell, ein kombinasjon få andre fritidsområder kan matche. 

Tomtetilbod

Her på tomtesidane på vangivaldres.no ligg mange av områda for hytteutbygging i Vang. Du finn tomter tett på vatnet og høgt til fjells. Anten «ro», alpinanlegg, utsyn, langrennsløyper eller turstiar er nøkkelen for deg, finn du det du leitar etter i Vang.

Entrepenør

Alle relevante byggjeaktørar i Vang er samla her på vangivaldres.no. Her kan finne totalentrepenørar eller du kan finne fram til dei leverandørane du treng for å realisere din hyttedraum.

Søknader

Frådeling, oppmåling og anna syter kart- og oppmålingsavdelinga i Vang kommune for. Alt frå byggjeskikkrettleiar til søknadsskjema for byggjeløyve finn du også på Vang kommune sine heimesider. Her finn du også oversikt over tekniske tenester og anna relevant tenestetilbod for deg som hytte-eigar.

Kjøpe hytte

Med i overkant av 1700 hytter i Vang er det til ein kvar tid eit aktivt salgs-marknad for hytter. Det aller meste finn vegen til finn.no, her ligg også ofte tomter ute for sal. 

Harde fakta
Hyttekommunen Vang

– Midt mellom Oslo og Bergen
– Frå høgfjell til granskog
– I overkant av 1700 hytter
– Ingen eigedomsskatt
– Skianlegg på Tyin-Filefjell
– Tre løypelag

TyinstølenRV 53, 2985 Tyinkrysset
Gudbrandslie øvre del2985 Tyinkrysset
Anstorfeltet2985 Tyinkrysset
MålnesøddinEidsbugardvegen, 2985 Tyinkrysset