Byggjefeltet på Åsvang

  Oversikt
Bildetittel: Midt mellom dalbotnen og høgfjellet ligg Åsvang.

På Åsvang er det tre ledige «gratistomter» i byggjefeltet. Her bur du i eit triveleg nabolag med barnehage, skileikanlegg, lysløype rett i nærleiken. I tillegg til uendelege turmoglegheiter og et levande kulturlandskap rett utanfor dørstokken.  

Kommunal «gratistomt» betyr at kommunen gjev gratis grunn, og at kommunen ikkje krev inn refusjon for opparbeiding av veg, vatn og avløp.

Alle andre gebyr og avgifter, herunder tilknytingsavgift for vatn og kloakk, må betalast på vanleg måte. I denne samanheng er det viktig at husbyggaren også tek kontakt med Vang energiverk, tlf 61 36 75 50, for å avklare kor stort anleggsbidrag det er for å få tilknyting til straum.

Det er fastsett nærare vilkår for bygging i kommunale felt. Den som er interessert i bustadtomt får raskt svar på ynskje om nærare opplysningar eller svar på søknad om tomt ved å ta kontakt med kommunen. 

Harde fakta

Adresse
Åsvang
2975 Vang i Valdres 

Eigar
Vang Kommune 
Tekinsk sjef Terje Hålien 
Send e-post
Rådmann Reidar Thune 
Send e-post
Tlf: 61 36 94 00 

Nøkkelinfo

  • Tomt: ca. 1000 m²
  • Antal tomter: 3
  • Byggeklar: Ja. Noko grunnarbeid må påreknast. 

Pris 
Gratis (Tilknytningsavgift for vatn, kloakk og straum lyt ein betale sjølv)

Sjekk Vang kommune sine heimesider for meir informasjon.

Kart
Søk på adresse Åsvangvegen 12, 22 eller 24 hjå Valdreskart.no

 

%MCEPASTEBIN%

Tyinkrysset2985 Tyinkrysset
Hensåsen – få ledigeHensåsvegen 300 (ca.)
Bustadfelt i ØyeVennisvegen 1789, 2977 Øye
Bustadtomt Vang sentrumHelinvegen