10173710_782944601717419_6635426707314018850_n.jpg
Framsida Arbeid og bustad Enkel kvardag Fritidstilbod for unge

Fritidstilbod for unge

Anten det er langrenn eller trombone som står på ynskjeilsta er tilboda til born og unge mange og gode i Vang. 

Kontaktpersonar for lag og foreningar finn du på Frivilligsentralen sine alltid oppdaterte nettsider. Her på vangivaldres.no fortel vi kjapt om kva for tilbod du har å velje mellom. Mykje av det opne aktivitetstilbudet er også å finne i kalenderen her på vangivaldres.no.

Idrett

Alle krinsar i Vang har sitt eige idrettslag. Desse har noko ulikt fokus, men aktivitet blant born og unge er i eit sjølvsagt sentrum. Dei fleste finn du oppdatert infomasjon om på facebook - finn og følg dei du ynskjer. 

Jotunheimen IL: Allidrett og langrenn er hovudsyslane til idrettslaget øvst i Vang.

Vang IL: Allidrett, aerobic, handball, turn og barnas idrettsdag er noko av det Vang IL syslar med. I tillegg har dei undergruppene «Vang alpingruppe» og «Vang pistol– og miniatyrskyting» som båe har aktivitet og faste treningar.

Fjellblom IL: Dette er langrennslaget i Vang. Skitrening, lysløyperenn og bading på Vbu er dei faste aktivitetane gjennom veka. I tillegg til kretsrenn, klubbrenn og Slettefjellrenn. 

Høre/Ryfoss IL: Allidrett, ballspel, gågruppe, karate og seniorvolley er noko av det den aktive gjengen i Høre/Ryfoss IL syslar med gjennom vinteren. 

FK VangAll fotballen i Vang er samla i FK Vang. Tveit stadion, mellom Ryfoss og Vang sentrum, er arena for trening og kamp. Her er det topp moderne kunstgras, pluss grasbane. Dette betyr supre treningsforhold for fotball! 

Offentleg bading: Symjehallen på Vbu er open for offentleg bading onsdagar og fredagar frå seinhausten til våren.   

Vang klatreklubb: I nybygde Vangshallen er det både klatre- og buldrevegg. I denne har Vang klatreklubb aktivitet to-tre gongar i veka gjennom haust og vinter.  

Kulturskulen

Alle som ynskjer plass i kulturskulen - får plass. Såpass greitt er det i Vang. Tilbodet spenner frå hardingfele til afrikansk tromme, og alt der i mellom. Om ikkje kulturskulen har eit tilbod i akkurat det instrumentet du ynskjer deg, kan du kontakte kulturskulerektor Oddbjørn Skeie.

Vang skule- og ungdomskorps er ungdomskorpset i Vang. Dette er eit brassband som samarbeider tett med kulturskulen for den som ynskjer å fordjupe seg meir i musikken.

Andre lag

Vang Turlag/Barnas Turlag Vang har eit populært og aktivt turtilbod gjennom året.

Skjold 4H og Åsvang 4H jobbar etter mantraet «klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse» for sine medlemmar. Omsett til norsk betyr det leirliv, volleyball og arbeid med årsoppgåve innanfor temaet «bygdekultur».

Hugs: Mange øvingar og arrangement finn du og i kalenderen her på nettsida.

Kontaktpersonar

Marte Tangen
Marte Tangen

Marte er dagleg leiar ved Vang frivilligsentral og dama å kontakte anten du ynskjer å hjelpe til eller du treng hjelp med noko. Ho kan også setja deg i kontakt med lag og foreiningar som verkar interessante.

Send e-post

Oddbjørn Skeie
Oddbjørn Skeie

Eit unikum på klassisk gitar, habil folkemusikar og eit brennande engasjement for musikk er stikkord som passar godt til Vang sin kulturskulerektor.

Send e-post