Bustad til sals: Eikra/Helle Nedre (107/4)

  Oversikt
  • Det er fleire tømmerbygningar på tunet.
  • Våningshuset vart restaurert midt på nittitalet.
  • Eikra ligg langs den rolege Skjeftisvegen i Høre med innmark på båe sider av tunet.
  • Våningshus og stabbur.
  • Lite eldhus på tunet.
  • Det var sau på Ekra fram til 1999. Dei siste åra har ein nabogard leigd jorda til beite for sine sauar.
  • Med beite på båe sider av tunet og ein eigen bekk er Eikra eit idyllisk småbruk i Høre.
Eikra/Helle Nedre (107/4)

Langs Skjeftisvegen i Høre er ei småbrukperle no ute for sal. Her er fleire gamle tømmerbygningar på tunet, samt jakt- fiske- og sameigerettar ved Fjellsendin og i Raudalen. 

Garden var i drift fram til 1999, og dei siste ti åra har eit nabobruk hatt beite og utegang for sine sauar på innmarka, mens dei har hatt høve for å gå under tak i reiskapshuset. Driftsbygningen er nedfalls. 

Våningshuset vart restaurert midt på nittitalet og er ein triveleg bustad. Her er både varmepumpe og vedovnar. Ellers er det eit stabbur og eit eldhus på tunet. Alle desse tre bygningane er sett opp i laft og har tett tak. 

Det følgjer jakt- fiske- og sameigerettar med garden. 

Harde fakta

Adresse
Skjeftisvegen 41
2973 Ryfoss

Seljar
Ketil Bolstad, TLF: 91577450
Ingebjørg Bolstad, TLF: 95126182

Nøkkelinfo

  • Gardsnr 107. Bruksnr. 4
  • Våningshus, stabbur, driftsbygning, stove og nedfalls fjøs på tunet
  • Jakt– fisker– og sameigerettar
  • Skjerma og solrik plassering
  • Bekk gjennom tunet
  • Heimstøl på Liajordet (G.br 23.7 i Vestre Slidre)

Areal

  • Totalt 198 mål. 
    Av dette:
  • 58 mål fulldyrka mark
  • 28 mål innmarksbeite
  • ca 180 mål skog
  • Resten er anna areal
  • I tillegg er det 22 da fulldyrka og 12 daa innmarksbeite på heimstølen 

Meir i valdreskart.no (107/4)

Takst under utarbeiding.

Fleire bustader til sals

Bustadbruk i Ellestadbygda (30/13)Ellestadvegen 197, 2967 Lomen
Hovrud øvreHansegardsvegen 45, 2960 Røn
Øvre KårstadVestsidevegen 2114, 2116 og 2118, 2967 Lomen
Ringebu (80/9)Rønsvegen 425-429, 2960 Røn