Ringebu (80/9)

  Oversikt
Ringebu (80/9)

På solsida i Røn er garden Ringebu til sals for 4,65 millionar kroner. Her får du to nye bustadhus med tre bueiningar, topp soltilhøve, støl ved Flyin og godt med både inn- og utmark.

Det eine bustadhuset er bygd i 2003, mens det andre vart sett opp i 2010. Eit av husa har også ein verkstad på 100 kvm i kjellaren som kan nytjast til det meste.

Dei to bueininga ein sjølv eventuelt ikkje nyttar vil gje ei stabil og betydleg leigeinntekt. Hovudhuset er på ca. 150 kvm over ein og ein halv etasje. Dei to leilegheitane i andre huset er på 45 og 95 kvm.

Sælet på Flyin er frå 1974 og på 32 kvm. Her er båthus og fiskerett i Storfjorden. Også andre jakt- og fiskerettar følgjer med garden.

Her er høve for snarleg innflytting i eit av husa og overtaking etter avtale. 

Det er ikkje odel knytt til garden.

Harde fakta

Adresse
Rønsvegen 425-429,
2960 Røn

Gardsnummer 80
Bruksnummer 9

Seljar
Frank Johansen
Tlf: 95555552
E-post: fran-jo3@online.no

Nøkkelinfo

  • To  nye hus med tre bueiningar (2003 og 2010)
  • Areal: 389,4 mål
  • Stort potensiale for leigeinntekter
  • Støl på Flyin
  • Kort veg til Røn, Slidre og Fagernes
  • Topp soltilhøve
  • Verkstad på 100 kvm.
  • Prisantydning: 4 650 000

Sjå meir i Valdreskart.no (Slidre, 80/9)

Garstad 104/1Riddarvegen 180, 2973 Ryfoss
Øvre KårstadVestsidevegen 2114, 2116 og 2118, 2967 Lomen
Vikhagen 55/3Vestsidevegen 1537, 2967 Lomen