«Huga på gard»

«Huga på gard»

«Få fleire følk hit, litt um sen, på tomme bruk, i kvar ei grend» Det er målet til det treårige prosjektet «Huga på gard» vi har saman med nabokommunen.

Ved prosjektstart har vi oversikt over om lag 90 tomme bruk i Vestre Slidre og Vang. Mange er også i ein situasjon utan naturlege arvtakarar når dei sjølv ynskjer å flytte frå bruket dei eig.

Samstundes er gardar og småbruk særs ettertrakta bustader. Ein av tre som ynskjer å flytte til kommunane våre vil helst bu på eit bruk, og i mange høve også drive gard/næring der.

Tomme bruk

Prosjektleiar Anne Live G. Garvik er busett i Lomen og driv sjølv mjølkebruk saman med mann og tre ungar. Har du eit bruk som står tomt eller som har ei uviss framtid, ta kontakt med Anne Live. Ho har allereie ei liste med seriøse kjøparar til bruk i båe kommunar. Samstundes er ho godt oppdatert på lovar, reglar, politikk og den generelle gangen i eit gardssal. Vi kan nemne at båe kommunar løfter relevant politikk knytt til omsetning av gardar til politisk behandling dette året.

Prosjektet er finansiert gjennom bygdeutviklingsmidlar frå fylkesmannen og kommunale bidrag. Både politikarar, landbrukskontor og faglag i båe kommunar sit i styringsgruppa for prosjektet. Det vert også lagt opp til ei mentorordning i samråd med faglaga for dei som tek over bruk og ynskjer å drive garden dei tek over. Også utleige av bruk er aktuelt for prosjektet. Lys i glasa og levande grender er det overordna målet.

Har du tankar om sal eller utleige av garden du eig? No eller fram i tid? Ta kontakt med Anne Live G. Garvik på e-post eller telefon: annelive.garvik@gmail.com // 95936189. Som prosjektleiar er ho ein gratis ressurs for både eigarar og kjøparar av bruk, samstundes vert all informasjon behandla konfidensielt.

Interessert i bruk

Mest mogleg omsetjing av tomme bruk i båe kommunar er målet for prosjektet. Då held det ikkje å få bruka ut på marknaden. Ein lyt også ha folk som ynskjer å bu og leve på desse bruka.

I dei fleste tilfelle kjem bruket ut på det opne marknaden via vanlege kanalar. Eventuelt berre her på prosjektsidene, samt gardsbruk.no. Erfaringsmessig ynskjer nokre å vite kven dei sel bruket sitt til og difor er det høgaktulet for prosjektet å også formidle direktekontakt mellom kjøpar og seljar.

Vi har også snart oppe å gå ei side der personar som er interessert i gard får presentere seg sjøl og kva dei ser etter.

Vil du kjøpe, leige, bu eller drive gard i Vestre Slidre eller Vang? Ta kontakt med Anne Live G. Garvik på e-post eller telefon: annelive.garvik@gmail.com // 95936189

Kontaktpersonar

Anne Live Garvik
Anne Live Garvik driv mjølkegard på vestsida i Lomen saman med mann og tre barn. Ved sidan av dette jobber ho som leiar for det treårige prosjektet i Vestre Slidre og Vang med mål om busetjing på tomme gardsbruk. Anten du vil leige ut bruk, selje gard, eller du drøymer om å bu på småbruk, er Anne Live dama å kontakte. TLF: 95936189

Send e-post