Fjelltur og Vang er like naturleg som fisk og vatn. Vi har Jotunheimen, Fugleberget og alt i mellom.
På trass av fleire av 2000-meterstoppane i Jotunheimen er innanfor kommunegrensa, er det bygdefjella som vert mest brukt til fjelltur. Grindane, Hugakøllen, Skutshødn og Hødntinden er mykje brukte turmål – men mange er også på tur utan at toppen nødvendigvis er målet. Vang er generelt relativt fint å vera ute på tur i!
Ut.no guider deg til topps!
For å få oversikt over det mangfaldige tilbodet innanfor kommunegrensa finn du mange forslag til turar på ut.no med god informasjon og gode kartløysingar. Du finn og mange forslag til turar i Vang og heile Valdres på Valdres.no.
Er du ikkje særleg digital av deg, får du kjøpt både Turhandbok for Vang og Turkart for Vang på dei fleste butikkar i kommunen og i Slettefjellkiosken.
Vang Turlag
For nokre år sidan tok ein gjeng spreke vangsgjeldingar initiativ til å starte opp eit turlag i kommunen. Klart ei turkommune som Vang lyt ha eit turlag! Dei arbeidar for at både fastbuande, hyttefolk og feriegjestar skal få lettare tilgang til store naturopplevingar.
Ved sidan av å leggje til rette for tur, arrangerer dei også fleire opne fellesturar gjennom året.
Turtrimmen
Alle medlemmar i Vang turlag får stemplingskort for turtrimmen i postkassa. Dette er tjuge utvalde turmål innanfor kommunegrensa. På alle saman er det sett ut turkasse med klyppetang og gjestebok.
Dei 20 turmåla som til ein kvar tid gjeld – finn du på nettsidene til Vang turlag.
Guida fjellturar
Den som ynskjer å presse grenser i fjellet, kan enkelt leige seg fjellførar i Vang. Fyrst og fremst er det området inn mot Tyin og Eidsbugarden som har føringsturar gjennom sumaren. Dei mest populære toppane er Falketind og Uranostind, men tindeutvalet i området er stort – og mange av fjella såpass bratte at førar er greitt.
Både Tyin-Aktiv og Opplev Filefjell tilbyr guida turar i Vang. Elles har dei fleste overnattingsbedriftene i kommunen god kontakt med guidar og set deg i kontakt.