Tilgangen på heisbasert firkøyring er god i anlegget på Tyin–Filefjell. Foto: Ida Ask.
Framsida Aktivitetar Vinteraktivitetar Alpint

Alpint

Det er Tyin–Filefjell som gjeld når det kjem til heisbasert ski- og brettkøyring i Vang. Lang sesong, mykje snø og artig terreng er stikkorda.

Høgt til fjells og snøsikkert som få andre plassar ligg Tyin–Filefjell plassert midt mellom Oslo og Bergen.

Her er nokre fakta om anlegget:

Heisar: 5
Nedfartar: 14 stk./17 km.
Høgste punkt: 1280 moh.
Lågaste punkt: 830 moh.
Sesong: November – mai
Dagskort: Se nettside

Barneheis, parkområde, skiskule, skiutleige og mat.

Variasjonen i løypane er såpass brei at Tyin–Filefjell er eit godt anlegg både den som vil trene til konkurranse og den som berre vil leike seg. Hopp og rails i parken, rulleband og figurar i barneområdet og kilometervis med godt preppa nedfartar i alle fargekategoriar.

Men det er som firkøyringsanlegg Tyin–Filefjell verkeleg kjem til sin rett. Når mange andre anlegg slit med blaut og lite snø, er han ofte djup og tørr på Filefjell.

Du har lett tilgjengeleg laussnøkøyring i området mellom toppstasjonen på hovudheisen og botnstasjonen på «Kileheisen». Her har du ei heil fjellside du kan bruke dagen på å utforske. Samstundes har du fleire mindre frikøyringsområde spreidd rundt om i anlegget.

Raudalen i Vang

Djup snø og dalsider kledd av fjellbjørk har gjeve Raudalen i Vang eit godt omdømme mellom dei som helst køyrer i laussnøen. Dei preppa løypene er lange og bratte, samstundes som anlegget ligg i skuggesida og har stabile snøtilhøve. 

Bildegalleri