Vang er kanskje aller mest kjend for mykje vind og mange fjell. Ein perfekt kombinasjon for kiting.
Tyin, Eidsbugarden, Otrøvatnet, Syndin, Helin, Skarvheimen osb. Lista over dei verkeleg gode kiteplassane i Vang er lang.
Kiting er ein aktivitet som krev noko utstyr kunnskap for å kunne gjennomførast på ein trygg måte. Eit kurs hjå Tyin-Aktiv eller andre aktivitetstilbydarar er ein lur start på kitekarrieren om du ikkje har prøvd det før.
Konseptet er i alle fall at ein stor drage/kite syter for framdrifta, ein særs artig oppleving når alt klaffar. Etter kvart som du vert meir erfaren er det mogleg å nytje kite lange turar i fjellet.
Frå Otrøvatnet er det for eksempel mogleg å kite sørover inn i Skarvheimen. Også fjella sør for Eidsbugarden er flate nok til at kite kan vera eit aktuelt framkomstmiddel.