Frå langløyper i høgfjellet til trivelege lysløyper i granskogen – Vang er bra på langrenn!
Eksempelvis er turen frå Tyin–Filefjell alpinsenter til Turistforeiningshytta Sulebu høgfjellslangrenn av aller ypparste nasjonalt kaliber. Gode spor, moglegheit for skøyting, eksepsjonell utsikt og ein hyttevegg å ta pause i.
Tyin–Filefjell
Her er tilbodet størst og sesongen lengst. Det er som nemnd høgfjell som er det viktigaste stikkordet her. Noko som betyr at sporet til tider kan blåse att, mens ein andre gonger får strålande sol, kvite vidder og fjellutsyn av episke dimensjonar.
Preppestatus for skiløypene i området vert oppdatert på skisporet.no gjennom heile vinteren.
Øye
Litt forbi den gamle barnehagen i Øvre Dalen har Jotunheimen IL si lysløype på om lag to kilometer, men det er for tida ikkje javnleg prepping her.
Grindafjell
Over fire mil fjellbjørkeskog og høgfjell er kva du får i området Grindafjell løypelag køyrer. Desse løypane vert køyrt opp til alle helgar, pluss vinterferie og påskeferie. Løypene er også kopla på nettet vidare mot Syndin og Vaset, så her er langturpotensialet stort.
Aller tettast følgjer du løypekjøringa via Skisporet.no eller på facebooksidane til Grindafjell ski
Frå stølslaga ved Hugakøllen vert det køyrt løype opp til Langehage og nettet til Grindafjell løypelag til vinter- og påskeferie av nystarta Hugakøllen løypelag.
Åsvang og Slettefjell
Lysløypa på Åsvang er hjarta i eit variert løypenett til Slettefjell skiløyper. Her kan du gå til Haukåsen og mot Leirholshøgda, du kan gå «Tieren» rundt Laglim, eller du kan gå opp i Slettefjellet og vidare til Eggeåsen og heilt rundt til Raudalen.
Det er lysløyperenn onsdagar mellom jul og påske, pluss skitrening måndagar.
Oppdatert preppestatus finn både på Skisporet.no og på løypelagets facebookside. Regelen er at lysløypa køyrast opp etter alle snøfall, mens dei andre løypane køyrast opp mot helg, ved behov.
Vi oppmodar alle langrennsinteresserte til å anten melde seg inn i ein skiklubb eller betale løypebidrag til løypelaget dei nyttar.
Er du usikker på om langrenn er noko for deg? I BUA Vang kan du låne alt du treng av utstyr til langrennsturen heilt gratis! Skistavar, skisko, smørefrie ski (for ungar/junior) og felleski (for vaksne), samt tursekk, sitteunderlag og mykje meir. BUA held ope Tysdagar og Torsdagar kl 15-16. Det er i hovudsak utlån torsdager og innlevering tysdagar, men dei er fleksible ved behov.
Sjekk ut nettsida for oversikt over utstyr: https://www.bua.no/bua-vang/utstyr
I BUA hjelper dei deg gjerne med å opprette låneprofil når du er innom, eller så gjer du dette enkelt sjølv på nettsida.
Har du spørsmål?
Kontakt BUA Vang på tlf 46 81 64 73
frivilligsentralen@vang.kommune.no
lene.rogn.lokreim@vang.kommune.no