Etter nokre månader som Innovangsjonsminister var det topp stemning å arbeide med fyrste halvårsrapporten. Målt på folketal er det ingen tvil om at kommunen har satsa rikitg, og at alle som har arbeida før meg i Innovangsjon har lagt ned solid innsats. Vang er ikkje lenger ei kommune folk flyttar frå!
Her er eit utdrag frå delen om vangsgjeldingar i «Halvårsrapport Innovangsjon 1, 2015».
Folketal
1724 innan år 2020 er målet. Altså det aller viktigaste suksesskriteriet på det arbeidet Innovangsjon legg ned. Ved opp-starten til Innovangsjon i 2011 var det 1591 innbyggarar i kommunen ved inngangen til året. Ved inngangen til 2015 var det 1619 og ved utgangen av halvåret vi no rapporterer på var det 1650. Dette talet vil nok gå noko ned att i all den tid det no er mange med godkjent opphald i Noreg som er i Vang medan dei venter på bustadkommune. Men som tidlegare styreleiar Torstein Lerhol understreka i vår:
«For ei tid er dei vangsgjeldingar. Dei handlar på butikken, nyttar biblioteket og er eit positivt innslag i lokalsamfunnet».
Kvar hadde så folketalet i Vang vore utan Innovangsjon? Det vert sjølvsagt vrient å gje nokon fasit her. Men vi kan prøve å setje det som skjer i Vang i perspektiv. Frå 1990 (1817 innbyggarar) til 2011 (1591 innbyggarar) mista vi i snitt over ti vangsgjeldingar kvart år. Ved utgangen av dette halvåret skulle vi vore godt nede på 1540- talet om trenden hadde halde fram frå 2011 og fram til no. Vi har over 100 fleir enn dette i kommunen pr. dags dato. Om vi ser på kommunen som ligg rundt oss i folketal no, (dei to over og dei to under oss på lista) ser tala ut som dette.
2010 2011 2012 2013 2014 2015
0436 Tolga 1671 1684 1681 1681 1658 1656
0439 Folldal 1669 1660 1641 1654 1631 1597
0545 Vang 1590 1591 1617 1597 1602 1619
1524 Norddal 1801 1761 1738 1739 1685 1676
1725 Namdalseid 1697 1707 1694 1699 1676 1644
Etter dette har talet i Vang altså auka med 31 til. Så sjølv om talet for kommunen kjem til å variere dei neste åra, kan vi slå fast at flukten frå Vang er stoppa. Pila peiker rett veg, og målet om 1724 innbyggarar innan år 2020 er fult mogleg å nå. Vi kan også sjå kvar vi vil i bygde–Noreg og vera stolte av det Vang har fått til dei siste åra.